Ungdomsrådet

Ungdomsråd ei gruppe barn og ungdom som er valt av kommunestyret til å hjelpe politikarane med å forstå kva som er viktig for barn og unge som bur der.

Kva er ungdomsrådet i Aukra kommune?

Ungdomsrådet skal vere eit talerøyr og ein felles arena for ungdom. Gjennom demokratiske prosessar skal ungdomsrådet gje ungdomen i Aukra meir innverknad over sin eigen kvardag. Interessene til ungdom i heile Aukra skal takast i vare, og rådet skal vere partipolitisk uavhengig. 

Slik skal ungdomsrådet i Aukra jobbe: 

  • Ungdomsrådet skal sjølve få vere med på å skape ungdommane sin eigen framtid gjennom å trygge sine eigne rettar, og drive ungdomspolitikk ut frå sine eigne ønskjer og meiningar. 
  • Ungdomsrådet vil gje ungdomane relevant trening i demokratiske spelereglar. 
  • Ei viktig oppgåve for ungdomsrådet blir å arbeide for eit godt ungdomsmiljø. 
  • Rådet skal vere høyringsinstans i saker som vedkjem barn og ungdom. 
  • Ungdomsrådet har talerett i kommunestyret

Om møter i ungdomsrådet

Ungdomsrådet skal som hovurderel ha minst 6 møter kvart år, gjerne i forkant av kommunestyremøte. Det skal kvart år etter valet arrangerast eit seminar for dei nye representantane og vararepresentantane. Målet er å setje dei inn i kva eit ungdomsråd er, og gjere representantane kjende med kvarandre. 

Kven kan delta i møta til ungdomsrådet?

Rådet kan invitere personar frå administrasjonen for å gje orienteringar i viktige saker og gje innspel direkte. Rådet kan også kalle inn mellom anna desse representantane: 

  • kontaktpersonen i kommuneadministrasjonen, 
  • ordførar, 
  • kommunedirektør, 
  • kommunen sin barne- og ungdomsrepresentant, 
  • ungdomsrepresentantar frå andre politiske parti og organisasjonar i Aukra kommune.

 

Kontaktinformasjon ungdomsrådet 2024-2025

Kontaktinformasjon ungdomsrådet 2024-2025
Namn Telefonnummer
Leni Blank, leiar 403 24 566
Ane Hoksnes Olsen, nestleiar 905 48 044
Johanne Hjelmås Kjøll 974 21 947
Theo Breivik 920 27 203
Einar Gullik Hildre Solem 484 28 926
Jan Erik Gundersen 922 38 374
Vetle Hjelmås 466 38 558
Ungdomsrådet - Klikk for stort bilete Aukra kommune

Her finn du møteplan og sakliste for ungdomsrådet i Aukra

Reglement for ungdomsrådet finn du i politisk reglement for Aukra kommune (PDF, 766 kB)

BUFdir har laga rettleiar for ungdomsråd

Kontakt

Jenny Småge
Miljøarbeidar
E-post
Mobil 95 14 79 36