MOT!MOT til å bry seg - MOT til å seie nei - MOT til å leve Kva er MOTMOT er ein ungdoms- og samfunnsbyggjar. MOT styrker ungsdommane sin innsikt og mot- til å leve, til å bry seg og til å seie nei. MOT har tru på at alle har ein robusthet i seg, og ønsker å arbeide systematisk for å styrke denne hos alle.Målet er å bygge inkluderande kulturar som sørger for at ingen fell utanfor, men kjem seg gjennom ungdomstida med ei kjensle av eigenverd og tilhøyrsel. For å nå slike mål er det viktig at ungdommane får arbeide med MOT også i skoletida. Under MOT-øktene får ungdommane felles opplevingar som det nødvendigvis ikkje blir tid og rom fór i den ordinære skulekvardagen. I manuset som ligg til grunn for alle MOT-øktene er det ei rekke øvingar, gruppeoppgåver og rollespel som går direkte på det å auke forståinga for at alle er forskjellige og ungdommane før øve i det å utvise sjenerøsitet mot forskjellane til kvarandre.MOT-ambassadørar Aukra kommune Aukra kommune Aukra kommune Aukra kommune KviforMOT sitt resultat viser at elevar på MOT-skoler får styrke sentrale faktorar for arbeidet med inkludering, robustheit og psykisk helse.Nokre av dei viktigaste resultata av MOT sitt arbeid er:Mindre hyppig mobbingFærre ungdom utan ein einaste vennMindre psykiske vanskarMindre rusmisbrukKven er vi?Det lokal MOT-teamet i Aukra består av:Eva Karin Jacobsen (Julsundet skole)Laila Hoem (Julsundet skole)Elina Rødal (Gossen barne- og ungdomsskole)Wenche Nesje er MOT-koordinator i kommunen og coach på begge skolane.Les meir om MOT Norge og MOT ungdomsskole (lenke til ekstern nettside) Publisert 07.11.2024 09.37 Sist endra 20.11.2024 11.13