Kva er tilskot frå Kontantkassa?
Kontantkassa er ei ordning, der du kan søkje om tilskot på ein enkel og ubyråkratisk måte. Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge kan delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.
Ordninga gjeld for barn og unge i Aukra i alderen 6-18 år.
Kven kan søkje tilskot frå Kontantkassa?
Dei som kan søkje om tilskotet er:
- Laget/foreininga, som idrettslaget, korpset, koret, lokallaget, kulturskolen og andre
- Tilsette i kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar, barneverntenesta og andre
Barnet eller familien kan ikkje søkje sjølv.
Krav til søkjar
Søkjaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå Kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har utfordringar med å inndrive kontingentar.
Den som søkjer har ansvar for å følgje opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt tilskot til.
Vi ønskjer at det er to personar som er knytt til barnet/ungdommen som går god for søknaden. Med dette er meint at den som søkjer skal hjelpe barnet til å huske på og komme seg til aktiviteten i starten, men ikkje at den vaksne må følgje barnet på alle aktivitetane. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande.
Kva kan du søkje tilskot frå Kontantkassa til?
Det vert gitt tilskot til
- Kontingent/semesteravgift
- Turneringar/cup
- Leir
- Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar
Kor mykje tilskot kan eg søkje om?
Du kan søkje om inntil kr 2.400,- per person per år. Det er muleg å søkje fleire gonger per år.
Slik søkjer du om tilskot frå Kontantkassa
Du kan søkje om tilskot frå Kontantkassa ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.
Du kan søkje fleire gonger per år.
Vedlegg til søknaden
Du må leggje ved dokumentasjon som fakturaer eller kvitteringar.
Du kan òg søkje om tilskot på førehand. Då må du ettersende dokumentasjonen.
Frist for å søkje om tilskot frå Kontantkassa
Det er ingen søknadsfrist. Du kan søkje heile året.
Meir informasjon om tilskotsordninga
Vil du vite meir om ordninga? På Idrettsforbundet si heimeside kan du lese meir om bakgrunnen for ordninga.