Søknad om tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge

Kven kan søkje om tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge?

  • Frivillige lag og organisasjonar med aktivitet i Aukra kommune. Aktivitet må vere knytt til barn og unge.
  • Kommunale einingar i Aukra kommune. Aktivitet må styrke kommunen sine satsingsområde.

Kva kan du søkje tilskot til?

Du kan søkje om tilskot for rusfrie tilbod til barn og unge i Aukra kommune, for eksempel ungdomskveldar eller "Jogg mot rus".

Slik søkjer du om tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge

Du kan søkje om tilskot ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.

Vilkår for søknad

  • Du må søkje før gjennomføring av arrangementet
  • Søknaden må vere skriftleg
  • Du kan få tilskot frå berre ei kommunal tilskotsordning per arrangement

Vedlegg til søknaden

  • Detaljert budsjett eller kostnadsoverslag med finansieringsplan
  • Plan for gjennomføring

Frist for søknad om tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge

Du kan søkje heile året.

Kva skjer vidare med din søknad om rusfrie arrangement for barn og unge?

Kulturavdelinga behandlar søknadar frå lag og organisasjonar innan 4 veker. Søknadar frå kommunale einingar skal behandlast politisk i livsløpsutvalet.

Tilskotet vert utbetalt etter gjennomføring av arrangementet. Du må sende oss prosjektet sitt rekneskap for utbetaling. Dersom du ikkje nyttar tilskotet innan to år etter tildelinga, vil det falle bort.

Klage på vedtak om tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge

Vedtak om tilskot til rusfrie arrangement til barn og unge er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.

Retningsliner for tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge

Kontakt

Anne Jorunn Sandøy
Kultursjef
E-post
Mobil 95 90 70 55
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51