Søknad om tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og ungeKven kan søkje om tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og unge?Frivillige lag og organisasjonar med aktivitet i Aukra kommune. Aktivitet må vere knytt til barn og unge.Kommunale einingar i Aukra kommune. Aktivitet må styrke kommunen sine satsingsområde.Kva kan du søkje tilskot til?Du kan søkje om tilskot for rusførebyggande aktivitetstilbod til barn og unge i Aukra kommune, til dømes ungdomskveldar eller "Jogg mot rus".Slik søkjer du om tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og ungeDu kan søkje om tilskot ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjemaVilkår for søknadDu må søkje før gjennomføring av arrangementetSøknaden må vere skriftlegDu kan få tilskot frå berre ei kommunal tilskotsordning per arrangementVedlegg til søknadenDetaljert budsjett eller kostnadsoverslag med finansieringsplanPlan for gjennomføringFrist for søknad om tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og ungeDu kan søkje heile året.Kva skjer vidare med din søknad om rusførebyggande arrangement for barn og unge?Kulturavdelinga behandlar søknadar frå lag og organisasjonar innan 4 veker. Søknadar frå kommunale einingar skal behandlast politisk i livsløpsutvalet.Tilskotet vert utbetalt etter gjennomføring av arrangementet. Du må sende oss prosjektet sitt rekneskap for utbetaling. Dersom du ikkje nyttar tilskotet innan to år etter tildelinga, vil det falle bort.Klage på vedtak om tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og ungeVedtak om tilskot til rusførebyggande arrangement til barn og unge er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.Retningsliner for tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og ungeTilskot frå fondet "Rusførebyggjande tiltak for barn og unge i Aukra" (PDF, 343 kB) Publisert 22.06.2018 12.56 Sist endra 10.04.2025 09.09