Kven kan søkje om tilskot til prosjekt og arrangement?
Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot.
Lag og organisasjonar kan ikkje søkje dersom dei:
- er finansiert av offentlege midlar
- har lukka medlemskap
- er politiske organisasjonar
- tar i vare yrkesinteresser
- har kommersielle interesser
Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her.
Kva kan du søkje om tilskot til prosjekt og arrangement til?
Tilskotet er eit prosjekttilskot, som kan gå til
- arrangement
- utbygging
- oppussing
- vedlikehald.
Eksemplar er konsertar eller oppussing av klubbhus. Du kan søkje om opp til 150 000 kr. Tilskotet vert utbetalt etter at du har sendt oss det godkjente prosjektrekneskapet. Dersom du ikkje nyttar tilskotet innan to år etter tildelinga, vil det falle bort.
Slik søkjer du om tilskot til prosjekt og arrangement
Du kan søkje om tilskot ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.
Vedlegg til søknaden
- Detaljert budsjett eller kostnadsoverslag med finansieringsplan
- Plan for gjennomføring
Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.
Frist for søknad om tilskot til prosjekt og arrangement
Søknadsfrist er 1. mars og 1. september kvart år.
Kva skjer vidare med din søknad om tilskot til prosjekt og arrangement?
Søknadane vert behandla politisk i utvalet for helse, oppvekst og kultur, i møte i mars/april og september/oktober. Etter møtet vil vi sende deg eit brev.
Klage på vedtak om tilskot til prosjekt og arrangement
Vedtak om tilskot er eit enkeltvedtak som du kan klage på.
Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.
Retningsliner for tilskot til prosjekt og arrangement
Retningsline for søknad om tilskot til prosjekt og arrangement (PDF, 365 kB)