Søknad om spelemidlar

Spelemidlar skal bidra til at ein større del av befolkninga får mulegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet.

Kva kan du søkje spelemidlar til?

  • Nye idretts- og friluftsanlegg
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • Nærmiljøanlegg
  • Turvegar og turløyper

Slik søkjer du om spelemidlar

  1. For å kunne søkje, må du får tildelt eit anleggsnummer. Ta kontakt med folkehelsekoordinator i Aukra kommune for å få eit slikt nummer.
  2. Du søkjer om spelemidlar på www.anleggsregisteret.no. Her finn du også meir informasjon om spelemidlar. Det er eit vilkår at anlegget er innarbeidd i kommunedelplan for idrett, aktivitet og friluftsliv.

Frist for søknad om spelemidlar

Søknadsfrist er 1. november kvart år.

Kontakt

Tove Charlotte Æsøy
Folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 90 80 96 46
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51