Kven kan søkje om kulturmidlar?
Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot.
Lag og organisasjonar kan ikkje søkje dersom dei:
- er finansiert av offentlege midlar
- har lukka medlemskap
- er politiske organisasjonar
- tar i vare yrkesinteresser
- har kommersielle interesser
Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her.
Kva kan du søkje kulturmidlar til?
Kulturmidlar er eit tilskot til den daglege drifta av lag og organisasjonane.
Du kan og søkje på kulturmidlar ved oppstart av nye lag eller nye aktivitetar. Barne- og ungdomsarbeid har høg prioritet.
Når politikarane behandlar søknaden, legg dei vekt på:
- Tal på medlemmane
- Alderssamansetning
- Aktivitetsnivå
- Generelt kostnadsnivå
Slik søkjer du om kulturmidlar
Du kan søkje om kulturmidlar ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.
Vedlegg til søknaden
- Årsmelding
- Rekneskap for siste året
- Budsjett for året søknaden gjeld for
Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.
Frist for søknad om kulturmidlar
Søknadsfrist er 1. mai kvart år.
Kva skjer vidare med din søknad om kulturmidlar?
Søknadane vert behandla politisk i livsløpsutvalet, i møte i mai eller juni. Etter møtet vil vi sende deg eit brev.
Klage på vedtak om kulturmidlar
Vedtak om kulturmidlar er eit enkeltvedtak som du kan klage på.
Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.
Retningsliner for kulturmidlar