TV-aksjonI 2024 skal pengane som vert samla inn, gå til Barnekreftforeningen. Dei skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.Informasjon til bøsseberarane vert sendt ut per e-post. Rodekart som vert nemnd i e-posten finn du nedst i artikkelen under avsnittet Roder. Kva er TV-aksjonen?TV-aksjonen vert utført kvart år sidan 1974 og har blitt Noregs største dugnad. TV-aksjonen går av stabelen i oktober kvart år. På ein søndag mellom kl. 16 og kl. 18 er bøsseberarane på tur omkring i kommunen.Eg vil vere bøsseberar for TV-aksjonenDersom du vil vere bøsseberar, kan du melde deg på tvaksjonen.no. Dette er TV-aksjonen si offisielle side, der alle bøsseberarar kan registrere seg. Kommunen får melding om at du har meldt deg på, og vil ta kontakt med deg.Kor og når skal eg hente bøssa?Vi har to hentestadar i Aukra kommune, ein på Gossen og ein på Julsundet. Når du har registrert deg som bøsseberar vil du få eit brev med oppmøtestad og kart. I dette brevet vil vi forklare nærmare, kva som skjer på aksjonsdagen og kven du deler rode med. Kort sagt, henter du bøssa i 15.15-tida, går på roda di og leverer bøssa tilbake, der du har henta ho.Kor mange bøsseberarar treng vi?Aukra kommune har 24 roder, og vi treng til saman 55 bøsseberarar. Det er anten to eller tre personar som går på same rode. De kan gå saman eller dele roda i to/tre og gå kvar sin del av roda.Må eg ha kontantar når bøsseberarane kjem på besøk?Du kan gjerne gi eit bidrag i kontant, men du kan også bruke Vipps. Vipser du mellom kl. 16 og kl. 18 på aksjonsdagen, vil bidraget ditt bli registrert som bøssebidrag i statistikken. Vippsnummeret er forskjellig frå år til år og TV-aksjonen legg ut informasjon om nummeret på aksjonsdagen. Bøsseberarane har og Vippsnummeret med seg på aksjonsdagen.RoderNedanfor finn du alle rodekart for Aukra kommune. Orta er rode 24, men har ikkje eige kart, sidan heile Orta er ei rode. Rodekart Gossen Rodekart Gossen Gossen - oversiktskart (PDF, 4 MB)Gossen - kart rode 1 (PDF, 3 MB)Gossen - kart rode 2 (PDF, 5 MB)Gossen - kart rode 3 (PDF, 4 MB)Gossen - kart rode 4 (PDF, 3 MB)Gossen - kart rode 5 (PDF, 3 MB)Gossen - kart rode 6 (PDF, 5 MB)Gossen - kart rode 7 (PDF, 3 MB)Gossen - kart rode 8 (PDF, 4 MB)Gossen - kart rode 9 (PDF, 4 MB)Gossen - kart rode 10 (PDF, 3 MB)Gossen - kart rode 11 (PDF, 4 MB)Gossen - kart rode 12 (PDF, 2 MB)Gossen - kart rode 13 (PDF, 4 MB)Gossen - kart rode 14 (PDF, 5 MB)Gossen - kart rode 15 (PDF, 4 MB)Gossen - kart rode 16 (PDF, 3 MB)Gossen - kart rode 17 (PDF, 5 MB)Gossen - kart rode 18 (PDF, 3 MB)Gossen - kart rode 19 (PDF, 4 MB) Rodekart Julsundet Rodekart Julsundet Julsundet - oversiktskart (PDF, 3 MB)Julsundet - kart rode 20 (PDF, 3 MB)Julsundet - kart rode 21 (PDF, 3 MB)Julsundet - kart rode 22 (PDF, 4 MB)Julsundet - kart rode 23 (PDF, 3 MB) Publisert 26.09.2022 10.17 Sist endra 25.10.2024 15.44