TilskotsportalenI Tilskotsportalen kan du finne fram til aktuelle tilskot for å finansiere foreininga sine eigne prosjekt. Databasen blir løpande oppdatert, og det er lett å søkje og navigere i tenesta.Kva kostar det?Tilbodet er gratis å bruke for foreiningane, fordi kommunen har inngått direkte avtale om dette.Tilskotsportalen inneheld følgjande: Ein kalender med søknadsfristar Ein katalog kor tilskot er sortert på tema Nyheiter frå tilskotsforvaltarane Eit verktøy for å søkje direkte i databasen Stønad for å bli oppdatert på søknadsfristar eller andre fristar som du sjølv definerer i systemetSlik kjem du i gangGå til Tilskotsportalen si heimeside og søk opp Aukra kommune.Du må registrere deg som brukar. Det vert gjeve tilgang til inntil tre brukarar per lag/foreining. Hugs å registrere kva foreining du representerer og kva rolle du har i denne.Når du har registrert deg, så skjer det ein manuellsjekk av tilknytinga di til organisasjonen. Det blir gjeve tilgang dersom du er ein styremedlem eller har ei anna sentral tilknyting til foreininga, og foreininga er registrert med adresse i den kommunen det blir søkt tilgang via. Dette blir gjort innan ein arbeidsdag, men ofte raskare.Når du blir godkjend, så får du ein e-post med stadfesting på registreringa di, og det er viktig at du klikkar på aktiveringslenka i denne e-posten. Du kan då velje ønskt passord.No kan du byrje jakta på tilskot!Dersom du får tekniske problem med innlogging eller praktiske problem med å bruke tenesta, kan du kontakte support ved å sende e-post til support@tilskuddsportalen.no Meir informasjonTilskotsportalen - Informasjonsbrosjyre (PDF, 2 MB) Publisert 02.11.2018 13.06 Sist endra 05.11.2024 10.18