Smågevatnet og Brenslen

Turen til Brenslen er ein fin tur som ein kan gå året rundt. Flott utsyn mot havet på heile turen. Ved Smågevatnet, som er det største vatnet i Aukra kommune, finn du ein gapahuk og kanoar til utlån.

Brenslen

Turalternativ 1: Start ved parkeringsplassen ved Smågevatnet. Ta til venstre for informasjonstavla og følg stien til det høgste punktet på turen. Turen er på ca.  tur 0,7 km.

Turalternativ 2: Parker ved Småge ferjekai og start turen derifrå. Det kan vere fullt på parkeringsplassen ved ferjekaia i turistsesongen, men då kan du heller velje alternativ 1. Stien startar til høgre for busskuret ved parkeringsplassen. Følg stien langs med sjøen til Brenslen. Flott utsyn mot havet på heile turen. På parkeringsplass ved Småge ferjekai. Turen er på ca. 1,7 km.

Les heile turbeskriving på morotur.no

Smågevatnet

Smågevatnet er eit naturreservat og her finn du eit rikt fugle- og dyreliv. Området er ein del av verneplan for våtmark i Møre og Romsdal.

Ved Smågevatnet kan du grille, padle med kano og benytte gapahuk på staden. Her er det kanoar som er gratis å låne og ved gapahuken finn du både vestar og årer.

Her finn du også ei flott brygge som er fin å bade frå eller berre sitje der å nyte naturen.  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Bryggekanten ved Smågevatnet - Klikk for stort bilete
Tur til Brenslen fra Smågevatnet - Klikk for stort bilete
Tur til Brenslen fra Smågevatnet - Klikk for stort bilete
Tur til Brenslen fra Smågevatnet - Klikk for stort bilete
Sauene ved Brenslen - Klikk for stort bilete
Smågevatnet - Klikk for stort bilete
Tur til Brensen - Klikk for stort bilete
Kanoar og gapahuk - Klikk for stort bilete

Kart