Ørnehaugen er eit av dei mest besøkte turmåla i Aukra. På toppen av Ørnehaugen er det god utsikt over Ormen Lange-anlegget på Nyhamna. Du ser også gamle oljetankar frå den gongen det låg ein kvalstasjon her på 1920- og 30-talet, som produserte olje og kjøtt. Frå stasjonen skjedde det også havforsking. På turen er det fleire informasjonsskilt om gammal historie i området.