Kleivhaugen og PurkenesetLes turbeskriving om Kleivhaugen på morotur.no Les turbeskriving om Purkeneset på morotur.noDu kan fint kombinere turmåla Kleivhaugen og Purkeneset.Langs stien passerer du gravrøyser, bunkeranlegg og kanonstillingar frå 2.verdskrig.Frå utsiktspunkt er det flott utsikt mot Bjørnsund og Bud.Du kan og sjå mot Aukra kyststi retning mot Rindarøya.Det er mogleg å gå vidare frå Purkeneset til Løvika. Les meir om Kleivhaugen og Purkeneset På vegen passerar du Ingridsteinen gravfelt med infotavle. Dette er eit område med mange gravrøyser, ca.50 stk. Når du går vidare, deler stien seg. Går du til venstre kjem du til Kleivhaugen. I dette området ligg det eit stort bunkeranlegg og kanonstillingar frå 2.verdskrig. Løvika vart veldig prega av utbygging under krigen. Det vart bygd kaianlegg, lagerbygningar og jernbane. Ikkje så langt frå bunkeranlegget vart det bygd flyplass, og området vart bygd ut for å handtere aktivitet, utstyr og personell til den aktiviteten. Delar av bunkeranlegg og kanonstillingar er no rydda for vegetasjon for å leggje til rette for å bruke området. Det står informasjonsskilt om aktivitet som var her under krigen. Publisert 30.10.2018 10.33 Sist endra 14.11.2024 10.25