Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Aukra kyststi

Aukra kyststi vart offisielt opna i september 2017.

Om turen

Dette er ein fin tur på grusa turveg langs havet for deg som ønsker å oppleve kysten på nært hald. God utsikt mot Bjørnsund og Bud. Turen er flott å gå både i ruskever når "bårå" sler opp mot land, og i finever når ein kan sjå sola gå ned i havet (midtsommars). I området rundt kyststien er det mange gravrøyser og ei skyttarstilling frå krigen.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplass i Årgårdsvika. Følg grusvegen nedover mot sjøen. Når vegen deler seg går du rett fram mot venstre ned ein liten bakke. Stien svingar mot høgre når du kjem ned til sjøen. I starten av stien går ein forbi "Næsja" der båten gjekk over til Rindarøya før moloen kom. Stien snor seg gjennom kystlynghei og etterkvart kjem ein til Sandvika, ei lita perle av ei sandstrand. Følg grusa sti til enden, om lag ein km. Det er fleire benkar og benkebord langs vegen. Kyststien endar ved Komedantholmen.

Tilkomst og parkering

Frå fergekaia på Aukra følgjer du hovudvegen mot Falkhytten. Sving til venstre i krysset på Falkhytten, følg skilting til Rindarøya. Etter om lag 8 km i ein skarp venstresving skal du ta av vegen til høgre (Hvis du kjem ned mot moloen til Rindarøya, har du kjøyrt for langt). Det er ein stor parkeringsplass i Årgårdsvika, om lag 200 meter fra starten av turstien.

Les heile turbeskriving på morotur.no

Aukra kyststi kart - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete