Storklauva

Kort om turen

Ein fin tur med utsikt over Julsundet, Oterøya, Gossen og ute i havet Sunnmørsøyane, Ona, Bjørnsund, Bud osv. Ta gjerne turen ved solnedgang og/eller soloppgang!

Ruteskildring

Parker ved gamleskolen (Fanghol). Gå ca. 300 m i retning Molde, gjennom vegskjæringa til Hola. Følg grusa sti frå infotavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen Vidare ter du stien nord-austover. Det er ein tydeleg sti i terrenget, delvis tilrettelagt, noko blaut enkelte stader. Utsikta er fantastisk.

Det er flere andre alternative ruter til Storklauva:

  • Alternativ 1 om Svartnakken: På toppen av den bratte bakken tek du til venstre frem til Gammelsetra. Gå så til høgre til Svartnakken. Tørr fin sti i terrenget. Etter toppen av Svartnakken fortsett austover etter ryggen til du kjem til Klauvsdalen, siste delen er noe blaut. Gå traktorvegen noen meter til venstre, ta så til høgre, skilt til Storklauva. Stien er godt synleg. Oppe i skaret tar du til høgre etter ryggen opp til Storklauva. Stien går i terrenget, noe fjell og myr så den kan vare blaut og sleip.
  • Alternativ 2 om Pettermyra: Gå frå toppen av den bratte bakken på seterveien til etter dammen. Her tek du til venstre, skilt til Pettermyra. Følg traktorvegen til Klauvsdalen, her kjem du til stien frå Svartnakken. Følg samme sti til Storklauva. Denne turen kan gås fra alle tre alternativa. Du kan gå samme veg tilbake som du kom, eller ta ein rundtur. 

Tilkomst og parkering

Turen startar i Hola ved infotavla. Parkering ved Gamle Fanghol skule. Gamleskulen i Julsundet, ingen parkeringsavgift.

Les turbeskriving på morotur.no

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete