Ramshaugen

Kort om turen

Dette er ein idyllisk skogstur i Julsundet. Turen går på vanlig skogsti med variert underlag. På ytterste punktet er det ein koselig benk med flott utsikt over Julsundet og Otrøya. I Kobbevika, ned til venstre, like ved Ramshaugen er det ein liten badeplass og rasteplass. I skogen på høgre side for stien ned dit, ligg det ei gravrøys.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplass ved toalettbygg, ned til venstre ved nedkjørselen til Eidskrem. Navneskilt ved startpunkt. Turen går på mjuk tursti ein runde rundt Ramshaugen. Litt vått eit par steder. Rett etter turpostkassa er det eit litt brattare parti.

Tilkomst og parkering

Turen starter ved parkeringsplass ved Ramshaugen. Kjør Fylkesvei 662. Frå Molde er det ca. 12 km til avkjørselen ned til venstre på Eidskrem (Naustskaret). Ta til venstre igjen i første kryss, kun noen få meter frå avkjørselen frå fylkesveien. I dette krysset er det skiltet til Ramshaugen. Når du kjem nordfra tar du av til høgre etter "langstrekket" og busslomma på Eidskrem. Stor parkeringsplass ved startsted

Les turbeskriving på morotur.no

Ramshaugen kart - Klikk for stort bilete

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete