Hundetjønna

Ein sein kveldstur til Hundetjønna er ein  spesiell opplevelse, då det ofte er ei trolsk stemning på grunn av lett tåke over vatnet. 

Litt historie om Hundetjønna

I tidlegare tider var vasskraft mykje brukt til å drive møller og treskemaskiner. Vassmagasinet i dette området var Hundetjønna, med Tronselva som renn til Jendemsosen. Den noverande stien som går frå Hundetjønna vart opphaveleg opparbeidd som overføringsgrøft til Lauvåsen og Hollingen. Derifrå rann vatnet delvis i eit naturleg dalsøkk og opparbeidd grøft fram til steingarden/innmarka. 

Hundetjønna var "regulert" oppdemt til eit lite vassmagasin. Vatnet vart ført i ei overføringsgrøft til Hollingen. Vatnet vart nytta tre gonger til drift av overvasshjul. Frå desse var det snortrekk til trøskemasiner på gardane Lauvåsen, Hollingen og Setra. Dette tok slutt i 1929. Stien til Hundetjønna går dei siste 400 metra etter den gamle overføringsgrøfta. Det er ellers lite som visest att etter kulturminne.

Om turen

Dette er ein lett og fin tur som går på grussti delvis etter eit gammalt kulturminne, ei vassoverføringsgrøft frå Hundetjønna til Hollingsbukta.

Turen startar frå parkeringsplassen ved riksvegen der gardsvegen til Lauvåsen tek av. Følg gardsvegen 0,7 km opp, ta av på stien venstre side inn i skogen. Stien går austover og fram til gapahuken ved Hundetjønna. Lett fin tur som går på grusa turveg, det er derfor godt egna til å trille vogn og som sykkeltur.

Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass. Hugs å ta med deg ved og noko å fyre med. I vatnet veks det fine vassliljer.

I 2018 kom det ein ny sti som går frå Julsundet skole - Matberget - Lauvåsen - Hundetjønna.

Turløype til Hundetjønna - Klikk for stort bilete

Adkomst og parkering

Køyr ca. 400 m frå krysset til Hollingsholm ferjekai, i retning Jendem. Ta av til høgre og parker på parkeringsplassen ved riksvegen. Ingen parkeringsavgift.

Les turbeskriving på morotur.no

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete