Eidskremsetra

Setra tilhøyrde tre gardar på Eiskrem. Ein veit ikkje kva tid den var bygd, men den var i bruk fram til slutten av 1800-talet. I dag kan ein sjå rester av murane til seter husa, og steingarden rundt setervollen. Rett opp for ura, ved stien opp, er det rester av steingard som skulle hindre dyra i å gå ned i bygda.

Kort om turen

Turen gjev flott utsikt over Eiskrem, Oterøya og inn Romsdalsfjorden. På Eiskremsetra er det gamle tufter etter seterhus og steingarden rundt. Gå tilbake samme veg.

Du kan også forsette videre til Langmyra, Peskaret, Fangholsetra og ned til Hola og etter gangvegen til utgangspunktet. Rundturen blir ca. 5 km.

Stien frå Eiskremsetra til Fangholsetra blir merka våren 2013. Frå Fangholsetra kan du også ta turen over Storklauva ned Storklauvstien til Klauvsdalsmunningen, her kan du velge tur over Svartnakken til Gammelsetra. Eller du kan ta turen ned over Pettermyra til Gammelsetra, og vider ned til Hola. Turen blir da ca. 6 km.

Ruteskildring

Stien startar på Eidskrem, tvers over for avkjøyringa til utleigehyttene. Bratt tung sti de første 400 - 500 meter, så flater det noko ut. Følg stien vidare til stien deler seg, ta til venstre opp til setervollen på 280 m.o.h. Turen gjev flott utsikt over Eiskrem, Oterøya og inn i Romsdalsfjorden. På Eiskremsetra er det gamle tufter etter seterhus og steingarden rundt.

Les turbeskriving på morotur.no 

Eiskremsetra kart - Klikk for stort bilete