Ormenruta

Denne turen er omlag 20 km. 

Turen startar ved Aukra ferjekai, og de syklar i retning sentrum.

I sentrum kan de ta ein rast i Alettes hage. Her står det benkar og det er mogleg å kvile under store ærverdige trær. I sentrum finn de også Aukra kulturhus som opna i september 2022. På sommaren er det turistinformasjon her og det er også sommarkafè kor ein kan kjøpe vaflar og kaffi. Det er også tre daglegvarebutikkar i sentrum med mulighet for proviantering.

Herifrå går turen vidare ned mot Bakkemyra. Frå bakken opp frå Bakkemyra følgjer de skilting mot Nerbø og forbi VARD. Etter kvart vil Jærnmannburet dukke opp på høgre side. Det er Gossen sitt høgste ogmest luftige punkt. Her er det fint å parkere syklane, for så å ta med nistepakka på toppen av Jærmannburet (99 m.o.h). Ein fin tur med eit imponerande utsyn over heile kommunen. Ved foten av høgdepunktet er det rastebord og god sti for både gåande og syklande.

Vidare tek vi turen til Eikrem kor det er fint å bade og gode forhold for ein rast. Her er det også restaurert gamle naust som alle kan besøke.

Vi syklar vidare til Nyhamna og det store gass-annlegget som Shell driv på øya. Det fins to fine utkikk-spunkt som er verdt å besøke: Ørnehaugen (51 m.o.h) og Skarhaugen som er 48 (m.o.h). Om Ørhehaugen er stengd, kan du ta turen til Skarhaugen. Ved desse utkikkspunkta er det informasjonstavler.

I tillegg gjev også Korsberget med sine 65 m.o.h eit flott utsyn over både anlegget, Harøyfjorden og Julsundet.

Etter mange flotte inntrykk er det berre å ta returen mot ferjekaia og takke for ei fin utflukt.

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Kart