BadeplassarNedanfor finn du våre flotte badestrender. Badeplassar Gossen Rødaleira Rødaleira Rødaleira er ei av fleire flotte sandstrender i området Stranda ligg på staden Rød som er like før du kjem til Oterhalsen Det er langgrunt og det er fint opparbeidd med benkar og leikestativ ved stranda Sjekk flo og fjøre Hjertvikleira På sørvest sida av Gossen ligg ei vik kalla Hjertvika. Navnet Hjertvika kjem frå skjeret Hjertet som ligg midt i vika. Hjertvikleira er eit fint område med badestrand, naust og benkar. Sjekk flo og fjøre Eikremsbukta Eikrem "Gamal sildevåg" der dei i eldre tid kunne fange sild med kastenot rett utanfor fjøresteinane Her kan du gå tur, fiske, bade, grille og nyte utsikta frå benkar på staden Turstiar i nærleiken av Eikremsbukta er Hoksneset, Ørnehaugen, Skarhaugen og Ridderhaugen. Sjekk flo og fjøre Horremsleira og Horrem kvernhus Rett ved Horremsleira finn du Horrem kvernhus som tilhøyrde fire gardar på Horrem og Hjertvika. På Horremsleira kan du bade, grille og nyte utsikta frå benkar og gapahuk. Sjekk flo og fjøre Sjekk ut sykkeltur Aukraskogen til Horremsleira Badeplassar Julsundet Hollingsbukta Området med gamle naust og benkar. I Hollingsbukta er det rester av gravrøyser, men dei er lite synlig i dag. Sjekk flo og fjøre Kobbevika I Kobbevika, like ved Ramshaugen er det badeplass og rasteplass. I skogen på høgre side av stien ned til Kobbevika, ligg det ei synleg gravrøys. Les turbeskriving til Kobbevika på morotur Publisert 24.07.2023 13.49 Sist endra 14.11.2024 10.31