Det er plassert cirka 1 250 slike sireneanlegg rundt om i landet.
Når kan varslingsanlegget bli brukt?
Varslingsanlegget kan bli brukt både i krig og fred for å varsle innbyggjarane/befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling blant anna vere aktuelt ved ulukker ved industrianlegg med følgjande utslepp av giftige eller farlege stoff. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for luftangrep.
Testing av sirenene
Sivilforsvaret testar sirenene for varsling av befolkninga ved uønskte hendingar to gonger i året. Vanlegvis klokka 12.00 andre onsdag i januar og juni. Signalet som blir sendt ut betyr "Viktig melding - søk informasjon". Tyfonane tutar då i tre seriar med eitt minutt opphald mellom seriane.
Kor skal du søke informasjon om viktig melding?
Informasjon om viktig melding blir gitt gjennom ulike medium, for eksempel radio, tv, myndigheitene sine nettsider og sosiale medium.
Ansvarleg for varsling ved bruk av sirene
Det er sivilforsvaret som er ansvarleg for sirenene.
Sivilforsvaret har i oppgåve å etablere, vedlikehalde og drifte varslingsanlegga. Politiet har ansvaret for å utløyse varsling i fredstid.
Sivilforsvaret sine tre varslingssignal
Viktig melding - søk informasjon
Dersom du høyrer dette signalet betyr det i praksis at du skal søkje informasjon om kva som skjer og kva du skal gjere. Dette blir gitt gjennom ulike medium, for eksempel radio, tv, myndigheitene sine nettsider og sosiale medium. Dette signalet kan brukast både i fred og krig.
Signalet går som følgjer: Tyfonane tutar i tre seriar med eitt minutt opphald mellom seriane.
Flyalarm
Dersom sirenene varslar med korte støyt i cirka eitt minutt betyr det "Fare for angrep - søk dekning". Dette signalet kan brukast dersom det er fare for flyangrep eller ved øvingar i krigsberedskap.
Faren er over
Når sirenene tutar samanhengande i ei halvt minutt betyr det at faren er over.
Les meir om sivilforsvaret sitt varslingsanlegg på sivilforsvaret si heimeside.