Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Klima- og miljøplanen 2030 viser ambisjonsnivået for Aukra kommune sitt klimaarbeid gjennom hovudmål som skildrar resultata vi ønsker å oppnå i samhandling med innbyggarane, samfunnet og for organisasjonen. Hovudmåla er overordna og tett knytt saman med FNs berekraftsmål, og dei nasjonale og regionale mål for klima- og miljøarbeid.
Introduksjon
Global oppvarming som følge av klimagassutslepp frå menneskelege aktivitetar er ein av dei største miljøutfordringane vi står ovanfor. Aukra kommune ønskjer å vere ein aktiv deltakar og medspelar i arbeidet om å nå Noreg sine mål i ein berekraftig klimapolitikk, og å vere ein pådrivar for at innbyggarar, næringsdrivande og andre skal gjere miljøvenlege val. Aukra kommune må ta sin del av ansvaret for å nå dei nasjonale utsleppskutta og miljømål elles, og kommunen må førebu seg på ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp.
Klimagassutsleppstal 2020 for Aukra
Aukra kommune sin klima- og miljøplan skal stake ut ein kurs for korleis kommunen skal kunne nærme seg dei nasjonale klima- og miljømåla og berekraftsmåla som Noreg har forplikta seg til.
Hovudmåla
Hovudmål for klima
- Aukra kommune skal bidra til at det nasjonale målet om 55 prosent kutt av klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor vert nådd innan 2030.
- Aukra kommune skal gjere sitt til at det nasjonale målet om null CO2-utslepp innan 2050 vert nådd, både ved å redusere utsleppa og auke CO2-opptaka.
- I global samanheng skal Aukra kommune fremme lågutsleppssamfunnet med å redusere forbruket og stille klimakrav til varer og tenester som kommunen kjøper.
Hovudmål for miljø
- Naturen i Aukra kommune skal forvaltast slik at planter og dyr som finst naturleg vert sikra i levedyktige bestandar.
- Variasjonen av naturtypar, landskap og kulturmiljø skal oppretthaldast.
- Ein langsiktig og fornuftig bruk skal bringe naturgodane vidare til framtidige generasjonar.
Aukra kommune 2030 - våre visjonar
For å oppnå hovudmåla er det formulert seks overordna mål – visjonar - slik vil vi ha det. Desse visjonane for Aukra 2030 er knytt til satsingsområda frå samfunnsdelen: Haldningsskaping - Klimatilpassing - Energibruken i kommunale bygg - Miljøvennleg transport - Forbruk og avfall - Berekraftig naturforvalting og biologisk mangfald. Til visjonane er tilhøyrande strategiar og tiltak - slik gjer vi det.
Levemåten i dagens samfunn er ikkje berekraftig og krev omstilling i ein meir miljø- og klimavennleg retning. Å endre måten vi lever på til eit meir berekraftig nivå er ein kjempeutfordring som vi må løyse saman. Kommunen skal redusere eigne utslepp, og samtidig involvere og skape engasjement for at innbyggarar og næringslivet kuttar sine utslepp. Kommunen sine tenester skal bidra til haldningsskapande arbeid. Det skal spesielt leggast til rette for dette i tenester for barn og unge.
Slik gjer vi det:
- Satse på klimaopplæring i barnehage og skule.
- Legge til rette for at god og tydeleg klima- og miljøinformasjon er lett tilgjengeleg.
- Drive rettleiing, vere pådrivar og utvikle samarbeidsarena.
- Vere eit godt førebilete.
- Tilby gode og brukarvennlege klimaløysingar.
- Støtte opp om kampanjar og aksjonar som sett søkelys på miljø og klima.
Norge skal omstillast til eit lågutslepps-samfunn. Samstundes ser vi allereie no store konsekvensar av klimaendringane for menneske over heile kloden. I tillegg til å kutte utslepp så raskt som mogleg, må vi førebu oss på, og tilpasse oss klimaendringane. Kommunane har ei sentral rolle i dette arbeidet. Offentlege verksemder har plikt til å redusere skadeleg miljøpåverknad og heve satsinga på klimavennlege løysingar.
Slik gjer vi det:
- Auke kunnskapsnivået for farar knytt til klimaendringar
- Bidra til utvikling av klimasmarte løysingar
- Legge vekt på samfunnstryggleik, beredskap og klimatilpassingstiltak i all fysisk planlegging og tilrettelegging
- Utarbeide gode rutinar for informasjon og varsling
Energibruken har auka med om lag 29 TWh sidan 1990, med den sterkaste auka før 200031. Tilgangen på relativt billig vasskraft har forma energibruken vår, og Norge er i dag meir elektrifisert enn dei fleste andre land. Norge har ein stor kraftintensiv industri, og elektrisitet blir i mykje større grad enn i andre land brukt til oppvarming av bygningar og tappevatn. Bruken av fornybar elektrisitet gjer at det er låge klimagassutslepp knytt til norsk stasjonært energibruk. Industri og transport er sektorane med høgast energi-bruk, deretter av hushald og tenesteytande næringar. Dei andre sektorar som bygg- og anleggssektoren, landbruk og fiske, utgjer ein liten part av energibruken.
Slik gjer vi det:
- Skaffe oversikt over energikjelder og forbruksmønster i alle kommunale bygg
- Innføre energileiing i kommunen
- Følgje opp Enøk-tiltak i kommunale bygg
- Gå over til klimavennlege energiløysingar og auke bruk av fornybare energikjelder i alle bygg i kommunalt eige
- Sette strenge miljøstandardar for kommunale nybygg
Regjeringa har ein ambisjon om å halvere klimagassutsleppa frå transportsektoren innan 2030, samanlikna med 2005. Øya Gossen utgjer størstedelen av landarealet i Aukra kommune. Ferjesambandet Aukra-Hollingsholm styrast av fylkeskommunen, og ei omlegging til el-ferjer har som mål å vere meir klimagunstig. Omlegginga er mykje godt ferdig, og vil mest truleg gjere seg synleg i dei næraste åra sine klimagassutsleppsoversikter. Utbygging av ladeinfrastruktur er viktig for å auke utbreiinga av elektriske køyretøy og fartøy. Regjeringa ser det som ønskeleg at kommunane har strategiar for å sikre tilstrekkeleg utbreiing av nødvendig ladeinfrastruktur i kommunen sin. Buss og kollektivtransport styrast i stor grad også av fylkeskommunen. Sjølv om kommunen ikkje har direkte ansvar for kollektivtrafikken, kan vi saman med andre kommunar påverke fylkeskommunen for å betre tilbodet.
Slik gjer vi det:
- Klimavennleg arealplanlegging og tettstadsutvikling
- Stimulere til bruk av kollektivtransport, gange og sykkel
- Legge til rette for el- og hybridbilar, biogass- og hydrogenbilar
- Fase ut fossilt drivstoff i eigen bil- og maskinpark
Synet på avfall er i endring. Tidlegare var avfall i stor grad ei byrde, ein uønskt kostnad eller eit problem. I dag er avfall i større grad vurdert som ein ressurs. I Norge, og i mange andre land, vert ein stadig større del av avfallet gjenbrukt, anten ved material-gjenvinning eller som energiutnytting. Det viktigaste arbeidet innan avfallsområdet er å redusere avfallsmengde som oppstår. Deretter må produkt som framleis har ei levetid brukast om att, og avfall som kan materialgjenvinnast må bringast inn i krinsløpet for ny produksjon og verdiskaping. Det er behov for nye strategiar og tiltak for å auke ressurseffektiviteten i samfunnet, og for å redusere utslepp av miljø- og helse-skadelege stoff.
Slik gjer vi det:
- Satse på haldningsskaping og god opplæring i skular og barnehagar
- Legge til rette for ein høgare grad av kjeldesortering og ein god kvalitet på sorteringa
- Arbeide for at ein større mengd avfall frå hushaldningar, næringslivet og kommunale verksemder kan materialgjenvinnast
- Legge til rette for gjenbruk og deling, og eit meir klimavennleg forbruk
- Redusere matsvinnet og auke bruken av lokale matvarer ved kommunale verksemder
- Redusere plastforbruk i kommunale verksemder
- Bygge kompetanse og innføre rutinar for å etterspørje klimaløysingar og redusere klimafotavtrykket frå kommunale anskaffingar
- Sikre gode ordningar knytt til renovasjonstenesta når gjeld avhenting og handtering av alle typar avfall
Dei siste tiåra har naturmangfald på jorda blitt kraftig redusert. Dei fem store drivkreftene er øydelegging, oppsplitting og forringing av artane sine leveområde, overdriven jakt/ fangst, framande og invaderande artar, for-ureining og klimaendringar. Ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydelegge for framtidige generasjonar sine mogleg-heiter, er eit viktig utgangspunkt for all planlegging. Berekraftig arealbruk er særs viktig for eit rikt natur- og kulturlandskap.
Slik gjer vi det:
- Auke kompetanse om berekraftig naturforvaltning
- Stimulere til berekraftig næringsutvikling og miljøtiltak innan jord-, skog- og havbruk
- Arbeide for berekraftig arealforvaltning av sjø og land
- Motvirke attgroing av kulturlandskap, og utrydde framande artar i offentlege parkar og anlegg
- Sikre eit godt vassmiljø
- Sikre eit rikt biologisk mangfald
- Sikre tilgang til friluftsområde og legge til rette for oppleving, rekreasjon og læring i naturen
Handlingsdelen i klima- og miljøplanen
Klima- og miljøplanen inneheld 88 tiltak for å nå måla om reduksjon av klimafotavtrykket til Aukra kommune, og bevaring av natur- og biologisk mangfald. Tiltak og aktivitetar i denne planen skal vurderast årleg og nødvendige kostnadar innarbeidast i kommunen sitt budsjett-, handlings- og økonomiplan.
Klima- og miljøplan 2030 for Aukra kommune
Publisert 23.02.2022 08.52
Sist endra 14.07.2023 12.30