Korleis redusere energibruken?
Visste du at?
Eit gjennomsnittleg energiforbruk i eit vanleg bustadhus reknast å vere rundt 25.000 kilowattimar i året. Ein terawattime (TWh) er ein milliard kilowattimar. Energibruken i Noreg har auka med om lag 29 TWh sidan 1990.
ENØK - Energiøkonomisering
Enøk betyr at vi skal bruke energien på ein slik måte at vi reduserer forbruket utan at vi senker kravet til komfort. Enøk betyr at du sluttar å kaste vekk 20-30 prosent av energien du kjøper. Enkle Enøk-tiltak kan vere å lufte fort og effektivt, senke temperaturen ein smule og slå av lyset når du ikkje er der. Når det er gjort kan du vurdere større tiltak som etterisolering, utskifting av vindauge, installering av fornybare varme-kjelder osv.
Les meir om ENØK
Hald Noreg reint
Visste du at?
Dei siste undersøkingane viser at det er 5,25 billionar bitar plastikk i havet. Det er nok plastikk til å dekke landet vårt fire gonger. I følgje Havforskingsinstituttet flyt cirka 15 prosent av det marine avfallet på havet, 15 prosent ligg i strandsona og 70 prosent går ned og blir liggande på havbotnen.
Ryddeaksjon
Kvart år arrangerer Hold Norge Rent ryddedugnad i form av vårryddedagen og strandryddeveka. I 2020 deltok 3000 frivillige under strandryddeveka og registrerte heile 35 tonn avfall fordelt på 458 aksjonar på strender, øyer og holmar, langs vassdrag og innsjøar og på havbotn.
Aukra kommune skal ha som mål at det kvart år vert avhaldt ein ryddeaksjon kor alle skolar, barnehagar, lag og foreiningar vert invitert til å rydde uteområde for flygeavfall. Aukra kommune ønsker å ta større ansvar for plast og avfall på avveie også elles i året. Vi vil redusere herrelaust avfall og plast på avveie og gjere det enklare å levere slikt avfall både etter ryddeaksjonar og ved behov.
Registrer din ryddeaksjon
Gratis utstyr til rydding
Hold Norge Rent stiller med gratis ryddeutstyr. Du kan hente hanskar og sekkar gratis på kommunehuset. Kom innom i opningstida eller ta kontakt om du ønskjer ryddeutstyr.
Hugs at du kan vaske hanskane på 40 grader og bruke dei igjen og igjen.