Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Stønad til energisparingstiltak

Enova arbeider for Noregs omstilling til lågutsleppssamfunnet. Omstillinga krev at vi kuttar utslepp av klimagassar, tar vare på forsyningstryggleiken og skapar nye verdiar. Derfor arbeider Enova for å få dei gode løysingane ut i marknaden og bidra til nye energi- og klimateknologiar.

Enova investerer årleg over to milliardar kroner av fellesskapet sine midlar i løysingar. Dette er løysingar som er med på å bygge morgondagens grøne Norge. Enovatilskotet er ei støtteordning for privatpersonar og bedrifter. Formålet med ordninga er å gi privatpersonar eit initiativ til å gjennomføre gode energi- og klimatiltak og målretta stønadstilbod til næringslivet. 

Sjekk ut Enova