Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Eit varmare klima kan bidra til auka attgroing og til at kulturmiljø og landskap endrar seg. Når beitemarker og setergrender gror att, vil det biologiske artsmangfaldet i desse kulturmiljøa verte påverka og opplevingsverdien vert endra. Årsaka til dette er nok først og fremst endra driftsformer i landbruket (mindre beite, mindre seterdrift). Dei viktigaste kulturarbeidarane utanfor dei areala som traktoren held i hevd er sau, geit og storfe, men beitedyra kan ikkje gjere jobben åleine. Vi må supplere med manuelle tiltak, som til dømes tynning av krattskog.
Stimuleringstilskot til å gjere dette arbeidet er naudsynt. Aukra kommune har stimuleringstilskot til landbruket, kor dette arbeidet er eit av fleire tiltak det er mogleg å søke støtte til. Aukra kommune skal informere og tilby god rettleiing i slike saker.
Skogsforvaltningsplanane
Les meir om stimuleringstilskot
Publisert 23.02.2022 08.41
Sist endra 16.04.2024 12.27