Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Visste du at?

I Noreg er forbruket av varer dobla sidan 1970-talet. Det økologiske fotavtrykket viser at vi ville trengt meir enn tre jordklodar dersom alle menneske i verda skulle levd på same måte som vi.

  • I følgje SSB kasta kvar innbyggjar i Noreg 387 kg hushaldningsavfall i 2022 - det er ein nedgang på 44 kg frå året før.
  • I Aukra kommune kasta kvar av oss 353 kg i 2022 - som er ein 16 kg mindre enn i 2021 og 59 kg mindre enn i 2020.
  • Aukra kommune har som mål å redusere mengda avfall frå hushaldningar, næringsliv og kommunale verksemder innan 2030.

I eit berekraft-perspektiv er det ønskeleg med ein omstilling til ein sirkulær økonomi med meir berekraftig produksjon, bruk og utnytting av ressursar. Det betyr å minimere mengde avfall, utnytte ressursane i avfall gjennom å redusere svinn og gjennom førebuing til ombruk og materialgjenvinning, samt auke bruken av sekundære råvarer og biprodukt frå ulike typar produksjonar.