Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
RIR (Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonsselskap) er renovasjonsselskapet som er ansvarleg for hushaldningsavfallet i vår kommune.
I 2020 oppnådde RIR ein materialgjenvinningsgrad på 48,5%, i 2021 på 51,7%. Denne skal auke til 65% innan 2035, med delmål på 55% innan 2025 og 60% innan 2030. Det er naturleg med nært samarbeid med RIR om klimaambisjonane i deira avfall- og ressursstrategi. Eit samspel mellom nasjonale rammevilkår, kommunale vedtak og RIR sitt arbeid påverkar moglegheitene for å nå lokale mål.
Gå til RIR.no
Publisert 23.02.2022 08.45
Sist endra 14.07.2023 13.17