Mål med SLT
Samordne det rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet kring barn og unge i Aukra. Koordinere kunnskap og ressursar i eit forpliktande samarbeid med mellom anna politi, kommune og frivillige aktørar (næringsliv, frivillige organisasjonar, etc.).
Det inneberer:
- Ha mest mogeleg oversikt over korleis barn og unge har det i Aukra kommune
- Iverksette tiltak retta mot enkeltpersonar og/eller grupper
- Rett tiltak til rett tid
SLT-arbeidet er retta mot barn og unge frå 0 – 23 år.
SLT-modellen – organisering
SLT-arbeidet er organisert ved hjelp av ein SLT-modell og er inndelt i tre nivå.
1. Styringsnivå (politirådet):
- Deltakarar: Øvste leiinga i kommune, øvste leiinga i politiet og SLT-koordinator
- Ansvar for: Økonomi, prioritering og mål.
2. Koordineringsnivå (koordineringsgruppa):
- Deltakarar: Leiarar og personar frå tenester og organisasjonar med beslutningsmynde.
- Ansvar: Samle kunnskap, avdekke problem, finne løysingar, sette i verk tiltak.
3. Utførarnivå:
- Aktørar: Funksjonar som arbeider tett på barn og unge.
- Ansvar: At styringsgruppas mål vert omset i praksis.
SLT-koordinatorens rolle
- Koordinera det kriminalitetsførebyggande arbeidet.
- Vere bindeledd mellom styringsgruppa, koordineringsgruppa og dei som jobbar direkte med barn og unge.
- Bidra til at det blir satt felles mål og at tiltak vert gjennomført og evaluert.
- Inspirere, motivere og vere pådrivar.
Møteverksemd og møtefrekvens
- Politirådet har to møter i halvåret.
- Koordineringsgruppa har tre møter i vårhalvåret og to møter i hausthalvåret.
Informasjonsutveksling blir ivareteken mellom anna ved at vi deler informasjon på møta i politirådet og på møta i koordineringsgruppa. Vi har alle eit felles ansvar for å halde kvarandre oppdatert om situasjonen kring barn og unge i kommunen.
Ta kontakt dersom du:
- Er bekymra for eit ungdomsmiljø på din skole eller fritidsklubb/lag.
- Har fleire like saker i hjelpeapparatet der ungdommen samlast rundt avvikande åtferd.
- Dersom du i politiet ser utfordringar som knytte seg til fleire personar – rus, tjuveri, sedelighet.
- Er bekymra for hat-ytringar eller ekstreme miljø.
- Alvorlege enkeltsaker (mobbing, vald, rus).
Kontaktperson er SLT-koordinator Rita Rydheim.
Sentrale aktørar
Relevante personar frå einingar som tar eit rus- og kriminalitetsførebyggande omsyn for barn og unge i Aukra kommune, som barne- og ungdomsskolar, barnehagar, politi frå Molde politidistrikt, PPT, OT, Vidaregåande skolar, helsestasjons- og skolehelsetenesta, barnevern, barnevernsvakt, psykisk helse, spesialisthelsetenesta, NAV, næringsliv, kultur, idrett, trussamfunn, ideelle organisasjonar, konfliktrådet, med fleire.