Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Aukra kommune sitt psykososiale kriseteam har i oppgåve å yte tilfredsstillande psykososial omsorg og støtte ved kriser, ulykker og katastrofar.
Det kommunale psykososiale kriseteamet skal medvirke til at enkeltpersonar, familiar eller lokalsamfunnet får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte frå det ordinære tenesteapparatet dersom kritiske hendingar inntreff.
Heile eller delar av teamet blir aktivert ved behov og i samråd med kommunen si overordna leiing. AMK, legevaktsentral, legevakt eller rådmann/kommunalsjef kan kontakte leiar ved behov for tenesta.
Kven kan du kontakte i psykososialt kriseteam?
Sist endra 09.05.2023 08.46