Koordinerande eining

Etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 7 - 3, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen.

Oppgåver til koordinerande eining

  • Koordinerande eining skal medverke til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.
  • Koordinerande eining skal ha eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator.
  • Søknad om individuell plan vert sendt til NAV.

Kva kan koordinerande eining hjelpe deg med?

  • Koordinere tenestetilbodet innanfor habilitering og rehabilitering
  • Ha oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i kommunen og formidle kontakt med tenester som er aktuelle i din situasjon
  • Tildele brukarkoordinator
  • Tildele individuell plan
  • Skape samhandling mellom tenesteytarar og ulike tenestestader, og arbeide for kvalitetssikring for rutinar som sikrar flyt mellom tenester
  • Vere eit knutepunkt for samarbeid mellom kommunen og dei statlege institusjonane

Slik søker du om tenesta

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

Klage på vedtak

Kontakt

Koordinerande eining
Nina Tomren
Mobil 41 85 90 00