Hjelpemiddel

Ergoterapeuten er hjelpemiddelansvarleg i kommunen og kommunens kontaktperson opp mot NAV Hjelpemiddelsentral.

Om hjelpemiddel

Alle førespurnadar om anskaffing, reparasjon, bytte og innlevering av hjelpemidla skal til ergoterapeuten. 

Ergoterapeuten kan òg låne ut hjelpemiddel frå kommunalt lager til korttidsutleie. Hjelpemiddel som finnes på lager er mellom anna rullatorar, dusj- og toalettstolar, rullestolar og støttestenger. Driftsleiar hjelpemiddel hentar, leverer, monterer og reparerer hjelpemiddel. 

Innlevering, bytte og reparasjon av hjelpemiddel

Ta kontakt med ergoterapeuten for førespurnad om reparasjon, bytte og innlevering av hjelpemidla. 

Kva koster hjelpemidla?

Det er gratis å låne hjelpemiddel.

Meir informasjon

Du kan lese meir om Hjelpemiddelsentralen på NAV sine heimesider.å

Kontakt

Annfrid Trætli Storvik
Ergoterapeut
E-post
Mobil 47 46 39 56
Asgeir Stavik
Driftsleiar hjelpemiddel
E-post
Mobil 41 44 20 09

Adresse

Besøksadresse ergoterapi

Aukraringen 17

6480 Aukra