Om kvardagsrehabilitering
Kvardagsrehabilitering er eit tidsavgrensa treningstilbod for dei som ønskjer å meistre kvardagen betre. Det er ei tverrfagleg teneste som består av fysioterapeut, ergoterapeut og heimetrenar.
Tilbodet består av ei kartlegging kor vi saman finn ut kva som er viktig for deg, og legg ei plan for korleis du skal meistre det. Deretter vil heimetrenarane kome heim til deg og hjelpe deg å trene slik at du skal nå målet ditt. Treninga skjer i heimen eller i nærmiljøet. Etter treningsperioden vil vi i fellesskap planlegge vegen vidare.
Kven kan få tilbod om kvardagsrehabilitering?
Alle som ønsker hjelp til å meistre ein eller fleire aktivitetar i kvardagen. Tilbodet er i hovudsak retta mot eldre som ønsker å ta opp att daglege gjeremål dei har slutta med etter skade/sjukdom eller av andre orsakar. Andre personar som ønskjer hjelp med å meistre kvardagen, vert også oppmoda til å søkje. Alle søknadar blir vurdert.
Kva forventar vi av deg?
Du må vere motivert til å gjere ein innsats. Du ønskjer å sette deg mål for å meistre kvardagen igjen.
Korleis få tilbodet om kvardagsrehabilitering?
Send inn skjemaet søknad om pleie- og omsorgstenester eller ta kontakt med oss.
Gå til søknad om pleie- og omsorgstenester
Kan du ikkje søke elektronisk? Du kan også sende inn søknaden om pleie- og omsorgstenester på papir.
Kva kostar det?
Kvardagsrehabilitering er gratis.
Klage på vedtak om kvardagsrehabilitering
Vedtak om kvardagsrehabilitering er eit enkeltvedtak som du kan klage på.
Klage på enkeltvedtak