Dagsenter for funksjonshemmaDagtilbod ved Aukra dagsenter.Kva gjer vi på dagsenteret?Brukarane har tilrettelagte arbeids- og treningsoppgåver:Vedproduksjon for salMakuleringBrukte frimerke blir sendt til Tubfrim. Vi tek gjerne imot brukte konvoluttar med frimerke på.Vask av moppar, handdukar m.m. til kommunale verksemder og frisør.Køyreoppdrag i kommunen.Lage benkar og bord til turstiar, barnehagar og for privat sal.Har du lyst å stikke innom, er du hjarteleg velkomen.Kostar det noko?Tilbodet er gratis.Slik søker du om dagsentertilbodetSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. Skriv kva dagsentertilbod du søker på.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Klage på vedtak om dagsentertilbod Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 20.08.2018 15.03 Sist endra 21.10.2024 15.16