LangtidsopphaldPersonar som har behov for døgnkontinuerleg pleie og omsorg på grunn av sin fysiske eller psykiske helsetilstand kan få tilbod om langtidsopphald. Om langtidsopphaldetLangtidsopphald vert tildelt ut frå faglege vurderingar.Opphaldet skal ha ei klar målsetting som er utarbeidd i samarbeid med bebuar og pårørande. Personalet skal motivere til sjølvhjelp og bruk av bebuar sine eigne ressursar.Personalet skal samarbeide med fysioterapeut/ergoterapeut og bidra til utprøving/tilrettelegging av hjelpemiddel og oppfølgingsplan.Pårørande hjelper bebuar med tenester utover det institusjonen kan gje tilbod om, til dømes å følgje til sjukehus, tannlege og anna.Alle private klede skal vere merka. Institusjonen kan ikkje ta ansvar for klede som ikkje er merka.Slik søker du om langtidsopphaldSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Kva kostar det? Opphald i institusjon - eigenbetaling Korttids- eller langtidsopphald i institusjon Korttids- eller langtidsopphald i institusjon Gebyr Eining Sats 2025 Dag- og natt-opphald Pris per døgn Kr 109 Kortids- eller langtidsopphald over 60 døgn Makspris per døgn Kr 5 248 Kortidsopphald Pris per døgn Kr 193 Eigenbetaling for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn vert berekna ut frå bebuar si inntekt i tråd med forskriftDag- eller natt-opphald og korttidsopphald inntil 60 døgn har maksimalpris som fastsett i Forskrift av Stortinget.Avlastingsopphald skal ikkje ha eigenbetaling.Eigenbetaling for opphald i institusjon er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 og Forskrift om eigenandel for kommunale helse og omsorgstenester. Det kan ikkje krevjast eigenandel for korttidsopphald gitt som avlasting for å avlaste pårørande for deira omsorgsoppgåver.For korttidsopphald inntil 60 døgn har Aukra kommune eigenbetaling lik maksimalpris fastsett av Stortinget. Prisane blir justert årleg.Ved langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn, blir eigenbetaling fastsett i tråd med forskrift og er regulert etter inntekt. Eigenbetalinga/døgnpris må ikkje overstige dei reelle opphaldsutgiftene. Klage på vedtak om langtidsopphald Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 05.11.2018 14.12 Sist endra 27.12.2024 11.38