Korttidsopphald

Målgruppe for korttidsopphald

Personar som har behov for:

  • Heildøgns omsorg i ein periode
  • Behandling av sjukdom
  • Opptrening/rehabilitering

Om korttidsopphald

  • Korttidsdopphald har fokus på trening eller utgreiing og behandling, slik at brukar etter kvart kan fungere i eigen heim. Tilbodet skal vere førebyggande for innlegging i langtidsopphald.
  • Opphaldet skal ha ei klar målsetting som er utarbeidd i samarbeid med brukaren.
  • Personalet skal motivere til sjølvhjelp og bruk av pasienten sine eigne ressursar.
  • Personalet i tett samarbeid med fysioterapeut/ergoterapeut skal bidra til utprøving/tilrettelegging av hjelpemiddel og anna treningsopplegg.
  • Utskriving frå institusjon blir planlagt i lag med heimebasert omsorg, pasient og eventuelt pårørande.
  • Pårørande må hjelpe pasienten med tenester utover det institusjonen kan tilby t.d følgje til sjukehus, tannlege o.l.
  • Alle private klede skal vere merka. Institusjonen kan ikkje ta ansvar for klede som ikkje er merka.

Kor lenge varer korttidsopphaldet?

Opphaldet kan vare frå nokre dagar til fleire veker og opp til 60 døgn.

Slik søkjer du om korttidsopphald

Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet skildrar du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Kva kostar det?

Klage på vedtak om korttidsopphald

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Thora Amanda Gundersen
Leder/fagleder
E-post
Mobil 97 54 52 91
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00