Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Tildelingskriterie for tenester i pleie- og omsorgstenesta

Tildeling av teneste tek utgangspunkt i Aukra kommune si plikt til å sørge for naudsynte, forsvarlege og verdige tenester til alle som bur eller oppheld seg i kommunen.

Lovverk som regulerer tildeling av omsorgstenester

  • Helse- og omsorgstenestelova
  • Forvaltningslova
  • Pasient og brukarrettighetslova

Tildelingskriteria er delt inn i tre kategoriar

  • Teneste for heimebuande
  • Omsorgsbustader/Omsorgsbustader med heildøgns omsorg
  • Teneste i institusjon

Kriteria sei noko om dei enkelte tenestene når det gjeld følgande

  • kva tenesta inneheld/kan innehalde  
  • kva som er føremålet med tenesta
  • kven som er i målgruppa for tenesta
  • relevante vurderingskriterier 
  • om det kan krevjast eigenandel for tenesta eller ikkje.

Tenestetildelinga tek utgangspunkt i profesjonell og fagleg skjønnsutøving. Kriteria er tenkt som ei rettleiing og hjelp i sakshandsaminga. Dei skal bidra til at sakshandsamar i samarbeid med søkjaren/parten skal kunne vurdere og tydeleggjere kva  tenesteområde som vil vere aktuelle og kva tiltak som vil vere best eigna. 

Desse kriteria er primært meint som eit arbeidsreiskap for tilsette som fattar enkeltvedtak, og andre tilsette i pleie- og omsorg. Siktemålet er å få ei felles forståing for tildeling av kommunale helse- og omsorgstenester. I tillegg vil kriteria vere til opplysning for søkjar/brukar av helse- og omsorgstenesta.

Det er dei siste åra lagt fram fleire stortingsmeldingar om framtida si helse- og omsorgstenester. Det er spesielt lagt vekt på brukarmedverknad, førebygging, tidleg innsats og meistring, samt heilskaplege og koordinerte tenester og samhandling. Eit viktig prinsipp for tildeling av tenester vil vere at ein tildeler tenester på lavast effektive omsorgsnivå (LEON-prinsippet). Det vektleggast òg at mindre ressurskrevjande tenester skal vere vurdert og om mogleg prøvd ut før tenester på eit høgare omsorgsnivå vert tildelt. For eksempel skal heimetenester i stort omfang ha vore prøvd før langtidsopphald i institusjon vert tildelt. Føremålet er at innbyggarane skal oppretthalde størst mogleg grad av eigenmeistring og livskvalitet, og at eventuell reduksjon i funksjonsnivå skal førebyggast og motverkast ved først å sette inn tiltak som fremmar eigenmestring. Målet er at den einskilde skal få bu lengst mogleg i eigen bustad.

Oversikt over tildelingskriterie for dei ulike tenestene

Tenester for heimebuande: 

 

Omsorgsbustad

 

Tenester i institusjon

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21