Informasjon til pårørande

Artikkelen handlar om samtykkekompetanse og primær-/sekundærkontakt.

Primær- og sekundærkontakt

Pleie og omsorg ønskjer eit tett samarbeid med brukar og pårørande. Alle som mottek tenester får tildelt ein primærkontakt og ein sekundærkontakt som den næraste pårørande kan kontakte når den ønskjer informasjon.

Samtykke

Informasjonsdeling forutsett skriftleg samtykke frå brukar. Pleie- og omsorgstenesta vil innhente samtykke når det blir aktuelt.

Brukar har ikkje samtykkekompetanse

Dersom brukaren ikkje er i stand til å samtykke, kan pårørande utpeike ein person som næraste pårørande. Denne personen skal fungere som kontaktperson.

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00

Adresse

Besøksadresse Aukra omsorgssenter

Aukraringen 14

6480 Aukra