Informasjon til leigetakarar i heildøgns omsorgsbustadarHeildøgns omsorgsbustad er eit tilbod som kjem før eventuelt langtidsopphald i institusjon. Bebuar leiger bustad i Aukra omsorgssenter.Du kan få enkeltvedtak om heimehjelp/praktisk bistand og heimesjukepleie frå heimetenesta på same måte som heimebuande. Tenester vert tildelt individuelt etter grundig kartlegging av funksjonsevne og omsorgsbehov.Etasjane er ikkje fast bemanna med helsepersonell.Om heildøgns omsorgsbustadHeildøgns omsorgsbustad omfattar kjøkken/stove, soverom, bad, gang og bod. Bustadane ligg i 2. og 3. etasje i Aukra omsorgssenter.Dette er inkludert i husleigaBustadane er utstyrt med komplette kvitevarer på kjøkken og ein ferdig montert smart-TV/flatskjermBustaden er utstyrt med gardiner og utvendig solskjerming (ikkje alle)StraumTV-abonnement på 160 kr og pris for tryggleikspakke kjem i tillegg. Sjå eigne satsar for tryggleikspakke.Meir informasjon om bustadane til leigetakar og pårørande Kva skjer med min tryggleiksalarm? Du må levere inn din gamal tryggleikalarm når du flytter til omsorgsbustad med heildøgns omsorg. Eigabetaling for den gamle tryggleiksalarmen opphøyrer når den er levert inn. Adgangskontrollen til bustaden er eit armbandsur, som fungerer som tilgang til bustad, tryggleiksalarm og GPS (inne i bygget). Dette sikrar at andre bebuarar ikkje har tilgang til din bustad. Utstyr og møblar Møblar, inventar og utstyr til omsorgsbustanden må kvar bebuar skaffe sjølv. Du må òg ha med eigne koppar, sengklede og handdukar. Vi vil oppmode deg å vurdere kva møblar du treng, slik at det er god plass til hjelpemidlar i bustaden. Færre møblar lettar òg arbeidet til heimehjelparane våre. Vasking av klede Du må skaffe deg vaskemaskin og tørketrommel sjølv. Det er lagt opp til vaskemaskin/tørketrommel på badet. Dersom du ikkje kan vaske/tørke kleda di sjølv lenger, kan du søkje om praktisk bistand. Måltid Det er lagt opp til at leigetakar sjølv skal stå for måltida, og kjøkkenet på omsorgsbustaden må ha utstyr til å lage mat. Dersom du har behov for hjelp/bistand til måltider må du søkje om heimehjelp/praktisk bistand. Tenesta vert tildelt etter søknad og kartlegging av behov hjå den enkelte bebuar. Heimetenesta legg til rette for at kvar enkelt skal greie mest mogleg sjølv. Når du søkjer om heimehjelp/praktisk bistand , kan du få Bistand til middag og måltid med tørrmat Bistand til handling Bistand til tilrettelegging rundt måltida Informasjon og søknad om heimehjelp/praktisk bistand Du kan òg kjøpe klippekort på enkeltmiddagar frå kjøkkenet på Aukra omsorgssenter. Utover det har kantine i omsorgssenteret tilbod om enkel servering frå kjøledisk som bebuarar og deira pårørande kan nytte. Dersom du ikkje har funksjonsevne til å stå for matlaging/måltid kan du søkje om matombringing (heilt eller delvis). Informasjon om og prisar for matombringing Utstyr til personleg hygiene Bebuar må sjølv halde seg med toalettsaker, kremer, salver m.m. Lege/sjukehus/tannlege og medisinar Heimetenesta har ikkje følgjeteneste til lege, tannlege eller time på sjukehus. Du må sjølv dekke medisinkostnadar. Dersom du har vedtak på medisinhandtering frå heimetenesta, vert multidose nytta. Dagsentertilbod Bebuarar i heildøgns omsorgsbustader kan søkje om å få opphald i dagsenter for eldre. Det er òg eit dagsentertilbod til personar som har utfordringar med rus og psykisk helse. Les meir om vårt dagsentertilbod Tilbod om andre aktivitetar Du kan nytte deg av frisør og fotterapeut som held til på Aukra omsorgssenter enkelte dagar i veka. Frisørsalongen er open slik at du kan nytte dette rommet til stell av hår, men då må du ta med eigne produkt til stell av håret. OBS! Dette gjeld ikkje no med ein pågåande pandemi. Du kan nytte deg av treningsrommet i omsorgssenteret. Du kan delta på aktivitetar som underhaldning, konsertar, informasjonsmøte og andre opne møte i fellesarealet. Vi har ei felles stove i 3.etasje som er innreia i retro-stil der det går føre seg ulike aktivitetar for bebuarane. Frivillege frå Demensforeninga bidreg i dette arbeidet. Velferdsteknologi Omsorgsbustaden er lagt til rette for velferdsteknologi. Teknologien vert tilpassa behovet til kvar bebuar. Utstyret vert teke i bruk etter at det er gjennomført ei grundig kartlegging av behovet, og etter samtykke frå bebuar/pårørande etter lov og forskrift. Publisert 05.05.2021 09.48 Sist endra 09.04.2025 15.22