MatombringingSjukdom, alder eller andre årsaker kan gjere at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt. Då kan du få middagen levert heim til deg.Kven kan få tilbod om matombringing?Bur du heime og har problem med å få laga/kjøpt middag til deg sjølv, kan du få maten levert heim til deg.Kor ofte kan du få matombringing?Varm middag blir køyrt ut frå kjøkkenet ved Aukra omsorgssenteret 7 dagar i veka.Du kan sjølv bestemme kor ofte du vil ha mat levert heim til deg. Slik søker du om matombringingSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du kva du meiner du treng av tilbod.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Kva kostar matombringing? Matombringing - eigenbetaling Matombringing Gebyr Eining Sats 2025 A. Frukost Pris per porsjon Kr 49 B. Lunsj Pris per porsjon Kr 49 C. Varm middag og dessert Pris per porsjon Kr 127 D. Kveldsmat Pris per porsjon Kr 49 Matombringing til bebuarar bli innvilga gjennom vedtak. Bebuar må difor betale for tenesta sjølv om vedkomande i enkelt tilfelle ikkje nyttar seg av vedtaket. Unntaket er ved akutt innlegging i sjukehus eller institusjon. Klage på vedtak om matombringing Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 08.11.2018 17.11 Sist endra 27.12.2024 11.28