HeimesjukepleieHeimesjukepleia gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetjingar som bur heime eller i omsorgsbustad. Heimesjukepleia hjelper deg slik at du skal få bu heime lengst mogeleg.Om heimesjukepleieHjelpa blir tilpassa det individuelle behovet ditt, og kan for eksempel vere:Hjelp til å meistre daglege aktivitetar og gjeremål.Hjelp til alvorleg sjuke og døyande.Ved omfattande hjelpebehov kan tenesta bli gitt ved Aukra omsorgssenteret.Tilrettelegging ved måltid, administrasjon av medikament, injeksjonar og smertelindring.Sårbehandling og blodprøvetaking for brukarar som ikkje er i stand til å oppsøkje legekontor.Installere og administrere tryggleikspakke.Formidle kontakt med kommunal fysioterapeut/ergoterapeut.Informere om offentleg tannhelseteneste til brukarar som har hatt hjelp frå pleie og omsorgstenesta i minst 3 månadar.Søke om hjelpemiddel.Søke om omsørgsstønad.Sjukehusbehandling i heimen.DemensomsorgRettleie og legge til rette for bruk av ulike velferdsteknologiske løysningar.Heimesjukepleie vert gitt 24 timar i døgnet.Pårørande må hjelpe brukar med tenester utover det heimetenesta kan gi tilbod om, til dømes følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l.Kven kan få tilbod om heimesjukepleie?Personar som bur heime eller i omsorgsbustad, og som på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing ikkje kan: ivareta eige helse-, pleie- og omsorgsbehov sjølvoppsøke helsehjelp sjølv.Slik søker du om heimesjukepleieSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg. Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Kva kostar det?Tenesta er gratis. Klage på vedtak om heimesjukepleie Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Sist endra 21.10.2024 14.58