Vaksine mot apekopparInformasjon om kven som blir tilrådd vaksine mot apekoppar, kvar og korleis du får tilbod om vaksine, og om effekten og biverknadene til vaksinen.Kven får vaksine mot apekoppar?Vaksinen blir tilboden til menn eller transpersonar som har sex med menn, OG som har risikoåtferd OG som har hatt syfilis, gonoré eller klamydia siste 24 månader. Risikoåtferd inneber hyppig partnerbyte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex. Les meir om apekoppvaksine på FHI si nettsideKvar kan eg få vaksina?Personar som er i risikogruppene kan bestille time til vaksinasjon på vaksinasjonskontoret i Molde. Du må bestille time på førehand. Kontakt vaksinasjonskontoret i Molde kommune for timebestilling. Når kan eg få vaksina?Første vaksinasjon blir i veke 16. Vaksinasjonsdagar blir ein gong per månad vidare. Kva kostar det?Konsultasjonen kostar kr. 280,-. Sjølve vaksinen mot apekoppar er gratis. Publisert 31.03.2023 10.15 Sist endra 19.11.2024 10.04