KoronavaksineVaksineanbefaling for sesongen 2024/2025Folkehelseinstituttet anbefalar at følgjande grupper bør ta ei oppfriskingsdose med koronavaksine:personar i aldersgruppe 65 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheimpersonar i aldersgruppe 18-64 år som inngår i ei risikogruppeungdom i aldersgruppe 12-17 år med alvorleg grunnsjukdombarn 6 månadar til 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktiggravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan bli vurdert dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gjev ytterlegare auka risikoEin ny dose vil vere særleg aktuell dersom du ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom, og dersom du i tillegg til høg alder (65 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for at koronasjukdomen kan bli alvorleg dersom du blir smitta.Kombinasjon av infeksjon og vaksinasjon gir betre vern enn vaksinasjon aleine og held seg godt over tid.Informasjon om oppfriskingsdose (dose 4)Aukra kommune tilbyr også oppfriskingsdose (dose 4) til alle som ønskjer det av våre innbyggjarar over 18 år.Slik bestiller du time til koronavaksinseringTa kontakt med legekontoret eller koronakontakten måndagar for avtale om vaksinering. Telefonnummer legekontoret: 71 17 14 00Telefonnummer koronakontakten: 906 92 558Må eg betale for koronavaksina?Vaksina er gratis. Har du spørsmål om koronavaksinering?Ved spørsmål skriv e-post til koronakontakten: korona@aukra.kommune.no Publisert 12.04.2023 12.50 Sist endra 19.11.2024 10.17