Helsestasjon for barn 0-6 år

Det vert sendt ut skriftleg informasjon til føresette i forkant av helseundersøking og vaksinering.

All vaksinering og helseundersøking er frivillig, men vi opmodar at alle takkar ja til tilboda.  

Oversikt over helseundersøkingar og vaksinering for barn 0-6 år

Oversikt over helseundersøkingar og vaksinering for barn 0-6 år
Alder Helseundersøking Vaksinering
6 veker: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege. Første vaksine mot rotavirussjukdom.
3 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar. Første vaksine mot difteri, stivkrampe, polio, kikhoste, hepatitt B og HIB-infeksjon, pneumokokksjukdom og 2. vaksine mot rotavirussjukdom.
4,5 månader: Individuelt, helsesjukepleiar og fysioterapeut.
5 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar. Andre vaksine mot difteri, stivkrampe, polio, kikhoste, hepatitt B og HIB-infeksjon og pneumokokksjukdom.
6 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege.
8 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar.
10 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar.
12 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege. Tredje vaksine mot difteri, stivkrampe, polio, kikhoste, hepatitt B og HIB-infeksjon og pneumokokksjukdom.
15 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar. Vaksine mot meslinger, kusma og raude hundar (MMR).
18 månader: Individuelt. Helsesjukepleiar.
2 år: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege.
4 år: Individuelt. Helsesjukepleiar.
5-6 år: Individuell helseundersøking for 1. klassetrinn. Helsesjukepleiar og lege.

Kontakt

Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Mobil 91 32 59 30

Opningstider

Aukra helsestasjon

Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Besøks- og postadresse Aukra helsestasjon

Aukraringen 17

6480 Aukra

Besøksadresse avdeling Julsundet

Mevoldvegen 2 (Mevoldtunet)

6409 Molde