Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Tilbod til pårørande av personar med demenssjukdom

Kva for tilbod har Aukra kommune for pårørande av personar med demenssjukdom?

Ved demenssjukdom, eller mistanke om demenssjukdom, har pårørande og omgjevnadene behov for kunnskap og støtte. I Aukra kommune har vi ulike tilbod som kan vere til hjelp for pårørande til personar med demens:

  • Dagsenter
  • Avlastning 
  • Demenskoordinator
  • Hjelpemiddel
  • Velferdsteknologi
  • Samtalegruppe
  • Smsorgstønad
  • Heimesjukepleie
  • Pårørandeskole mm.

Korleis få tilbodet?

Ta gjerne kontakt, så kan vi i samarbeid finne ut kva som vil vere teneleg for akkurat dykk. 

Kontakt demenskoordinator

Pårørande si betydning

Pårørande sin innsats har mykje å seie både for den som er sjuk og for samfunnet. Dei gjev omsorg til den som er sjuk, og bidreg ofte med organisering av dagleglivet, kontakt med helsevesenet og praktisk hjelp. 

Mange er i pårøranderolla over svært lang tid., frå dei første symptoma på demens er merkbare, til personen er heilt avhengig av omsorg og hjelp frå andre. Dette kan ta fleire år. 

Informasjon om demens

Meir informasjon

Helsenorge har laga ei side om det å vere pårørande av personar med demenssjukdom. Her finn du og ei oversikt over tilbod til pårørande som fins i Noreg.

Gå til pårørendesida på helsenorge.no

Kontakt

Merete Rebnord H. Lofstad
Spesialsykepleier
E-post
Mobil 92 22 17 01
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00

Adresse

Besøksadresse Aukra omsorgssenter

Aukraringen 14

6480 Aukra