Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Demenskoordinator

Kva gjer ein demenskoordinator?

  • Gjev støtte, råd og rettleiing
  • Er eit bindeledd mellom deg som har demens, dine pårørande og hjelpeapparatet
  • Gjev informasjon om tilbod og tenester

Personar med demens og deira pårørande skal oppleve at møtet med hjelpeapparatet er forutsigbart og trygt. Demenskoordinatoren samarbeider med fastleger, spesialisthelsetjenestene og andre i helse – og omsorgstjenesten, blant anna om utredning og oppfølging etter diagnose. Demenskoordinator kan gje råd om demens, både til den som er sjuk, pårørande og helsepersonell. 

Personar med demenssjukdom eller kognitiv svikt er ikkje ei einsarta gruppe. Dei har som alle andre ulike behov og interesser. God demensomsorg handlar om å møte den enkelte der ho eller han er. 

Kven kan ta kontakt med demenskoordinator?

Alle som har spørsmål eller behov for å snakke om demens, kan ta kontakt. du treng ikkje tilvising. Unngå sensitive opplysningar, når du tek kontakt per e-post.

Kontakt demenskoordinator

Informasjon om demens

Aukra demensforeining

Aukra demensforeining er eit lokallag av Nasjonalforeininga for folkehelsa. Foreininga er ein frivillig organisasjon som samarbeider med Aukra kommune om ulike tilbod og aktivitetar for personar med demenssjukdom og deira pårørande: 

  • Demensvenleg samfunn 
  • Opne møter 
  • Samtalegrupper 
  • Aktivitetsvenordninga 
  • Pårørendeskole 
  • Lørdagscafè 

Gå til Aukra demensforeining på Facebook 

Kontakt

Merete Rebnord H. Lofstad
Spesialsykepleier
E-post
Mobil 92 22 17 01
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00

Adresse

Besøksadresse Aukra omsorgssenter

Aukraringen 14

6480 Aukra