Aktivitetstilbodet STYRK AukraSTYRK Aukra er eit tilbod i regi av psykisk helse- og rustenesta i Aukra kommune. Om STYRK AukraSTYRK Aukra er eit gratis aktivitetstilbod for alle i Aukra kommune. Vi har fokus på å styrke den psykiske og fysiske helsa gjennom ulike førebyggjande aktiviteter som passar for alle med ei psykisk helse. Tilbodet er for deg som ønskjer meir fellesskap, nokon å vere i aktivitet saman med eller berre vere meir sosial. Vi har alle våre utfordringar, og vi har alle ei psykisk og fysisk helse vi må ta vare på. Du må ikkje ha eller ha hatt oppfølging i vår teneste for å delta på aktivitetstilbodet.Kven kan vere med i STYRK Aukra?Tilbodet er opent for alle over 16 år. Om det vert behov kan vi òg ha eigne ungdomsgrupper.Kva kostar tilbodet?Tilbodet er gratis.Må eg melde meg på aktitivitetstilboda?Tilboda krev førebels inga påmelding med mindre anna er spesifisert der informasjonen vert lagt ut. Om det skulle bli veldig mange deltakarar kan det hende det må vli påmelding. Utanom dette kan du møte opp på den aktiviteten du ønskjer.Om aktivitetane Lunsj Felleslunsj tysdag på Sentral`n på Aukra kulturhus og fredag på Mevoldtunet i Julsundet.Det blir servert enkel lunsj med fokus på fellesskap og trivsel.For meir informasjon om tilbodet og tidspunkt, sjå vår facebookside STYRK Aukra eller instagramkonto styrkaukra. Turgruppe Turgruppa arrangerer turar tysdagar og fredagar kl. 12.00-14.00. Oppmøtestad vert annonsert på Facebookside STYRK Aukra eller Instagramkonto styrkaukra.Turmåla er både i nærområdet og elles rundt oss. Det kan vere på Gossen og i Julsundet, men også lengre utflukter til Skaret, Elnestangen, Midsund eller liknande.Vi har turar for ein kvar smak. Det er rusleturar på flatmark, tur i meir terreng samt toppturar og dagsturar. Tysdagar har vi stor bil slik at vi kan dra lengre vekk på tur. Fredagar har vi diverre ikkje tenestebil og kan difor ikkje tilby skyss, men turane blir då i Julsundområdet. Om det vert vanskeleg for nokon, ta kontakt, så prøver vi å løyse det.Om vèret tillet det, tek vi med litt mat og drikke for ei koseleg pause på tur.Sjekk ut vår Facebookside STYRK Aukra eller Instagramkonto styrkaukra for nærare informasjon om turar og tidspunkt. Treningsgruppe Tilbod om gratis trening på Fitnespoint Jendem fredag kl. 9.30-10.00For meir informasjon om tilbodet, sjå vår facebookside STYRK Aukra eller instagramkonto styrkaukra. Svømmetilbod Vi arrangerer bassengtrening og svømming i bassenget på Aukra kulturhus. Her er det òg boblebad og badstue ein kan nyte.For meir informasjon om tilbodet og tidspunkt, sjå vår facebookside STYRK Aukra eller instagramkonto styrkaukra. Hobbykroken Hobbykroken er eit tilbod vi vil ha både på Mevoldtunet i Julsundet og på Sentral`n på Aukra kulturhus. Her vert det nokre gonger arrangerte aktivitetar der vi lagar noko saman, til dømes med måling, perling, leire og liknande. Andre gongar kan alle ha med eige handarbeid, så sit vi saman for ei kjekk stund.For meir informasjon om tilbodet og tidspunkt, sjå vår facebookside STYRK Aukra eller instagramkonto styrkaukra. STYRK Aukra på sosiale mediumSTYRK Aukra si side på FacebookSTYRK Aukra på InstagramSkyss til aktivitetaneTysdag køyrer vi saman frå helsesenteret på Gossen til turmålet. På fredagane har vi diverre ikkje moglegheit til å tilby skyss. Ta kontakt dersom du lurar på noko.Kontakt Marie Elise Publisert 31.01.2022 14.55 Sist endra 07.01.2025 08.11