Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Mange har opplevd å miste ein dei er glad i. I nokre situasjonar er dette ekstra vanskeleg. Mange kjenner seg åleine om sorga, det kan difor vere godt å kome saman med andre som har opplevd det same.
Kva er ei sorggruppe?
Sorg er ingen sjukdom, men den kan gjere forferdeleg vondt. Sorga kan setje i gong tankar, kjensler og veremåtar som verkar ubegripeleg og framand. Sorg er ikkje berre tårer som renn nedover eit kinn. Dei fleste kjem seg gjennom sorga ved hjelp av nettverket sitt, men mange ønskjer meir støtte og råd enn dei kan få frå sitt naturlege nettverk.
- Sorggruppe er ei viktig form for rehabilitering etter dødsfall. Du vil møte andre etterlatte regelmessig og kan snakke om det du har opplevd og den du har mista.
- Etterlatte drøftar reaksjonar og forskjellige problema, deler erfaringar og hjelper kvarandre vidare.
- Du kan lære meir om korleis du kan leve med sorga.
- Gruppene har gjerne ein eller fleire leiarar, og består vanlegvis av mellom 5-10 etterlatte.
- Tema og innhald kan variere mellom å følgje ein strukturert mal med tema knytt til rekkefølge og tid, eller dei kan bli tilpassa meir etter gruppemedlemmane sine ønsker om tema.
For mange kan tanken på å dele personlege og private opplevingar i ei gruppe vere ubehageleg. Andre etterlatte framhevar særskilt at den gjenkjenninga og identifiseringa ein kjenner ved å møte andre i same situasjon er det viktigaste med å delta i ei sorggruppe.
Sorggruppa er ein stad der du kan dele kjensler og uttrykke sorga di saman med nokon som «verkeleg forstår», og dei vonde opplevingane vert anerkjent og får plass. Du kan både gje og få råd og informasjon. Det kan også gje livsmot og håp å sjå og høyre at det er mogeleg å kome seg vidare i livet etter eit stort tap.
Deltaking i ei sorggruppe kan bidra til betre livskvalitet og psykisk helse, noko som gjer det lettare å vende tilbake til ein normal kvardag, og til dømes unngå lang sjukmelding.
Kven kan delta i sorggruppa?
Tilbodet er retta mot vaksne som har mista nokon.
Kva koster det?
Tilbodet er gratis.
Dato, tid og stad
Sorggruppa møttas annakvar veke på Aukra omsorgssenter. For meir informasjon, ta kontakt med ein av gruppeleiarane.
Påmelding
Ta kontakt med ein av gruppeleiarane for å melde deg på.
Kven er gruppeleiarane?
- Demenskoordinator Merete Lofstad
- Sokneprest Kristian Finn Risung
Publisert 18.02.2022 13.13
Sist endra 22.01.2024 13.35