Gebyr sals- og skjenkebevilling

Verksemder som har ein kommunal sals- eller skjenkebevilling skal kvart år betale gebyr til kommunen. Gebyret blir berekna på grunnlag av forventa omsett mengd alkoholhaldig drikk.

Minstegebyr 2025 for sals- og skjenkebevilling

  • Minstegebyret for å ha eit salsbevilling: Kr. 1 960,- per år.
  • Minstegebyret for å ha eit skjenkjebevilling: Kr. 6 100,- per år. 
  • Gebyr er regulert i forskrift av 8. juni 2005 nr. 538.

Gebyret blir betalt etter følgjande satsar:

Sal av alkoholhaldig drikk:

  • 0,24 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 (alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol).

Skjenking av alkoholhaldig drikk:

  • 0,57 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 (alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol).
  • 1,49 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 2 (alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol).
  • 4,92 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 3 (alkoholhaldig drikk med over 22 volumprosent alkohol).

Gebyr for skjenkebevilling for eit enkelt høve

Gebyr for skjenkebevilling for eit enkelt høve
Bevillingstype Gebyr 2025
Ambulerande skjenkebevilling per arrangement Kr 440
Bevilling for eit enkelt høve med inntil 150 deltakarar per dag Kr 500
Bevilling for eit enkelt høve med mellom 151 og 600 deltakarar per dag Kr 1 500
Bevilling for eit enkelt høve med meir enn 600 deltakarar per dag Kr 3 000

Kontakt

Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Mobil 90 08 85 78
Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra