Bevillingsgebyr sals- og skjenkjeløyve 2024Alle som har ein sals- eller skjenkjeløyve skal kvart år betale gebyr til kommunen. Gebyret blir berekna på grunnlag av forventa omsett mengd alkoholhaldig drikk. Minstegebyr 2024 for salsbevilling og skjenkebevillingMinstegebyret for å ha eit salsbevilling fastsett til kr. 1 960,- per år.Minstegebyret for å ha eit skjenkjebevilling er kr. 6 100,- per år. Dette er slått fast i forskrift av 8. juni 2005 nr. 538.Gebyret blir betalt etter følgjande satsar:Sal av øl etc.:0,24 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 (alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol).Skjenking av alkoholhaldig drikk:0,57 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 (alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol).1,49 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 2 (alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol).4,92 kr pr vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 3 (alkoholhaldig drikk med over 22 volumprosent alkohol). Gebyr for skjenkebevilling for eit enkelt høve Gebyr for skjenkebevilling for eit enkelt høve Bevillingstype Gebyr 2024 Ambulerande skjenkebevilling per arrangement 440 kr Bevilling for eit enkelt høve med inntil 150 deltakarar per dag 500 kr Bevilling for eit enkelt høve med mellom 151 og 600 deltakarar per dag 1 500 kr Bevilling for eit enkelt høve med meir enn 600 deltakarar per dag 3 000 kr Publisert 06.07.2018 07.59 Sist endra 15.05.2024 13.28