Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Ta kontroll over eigen økonomi ved hjelp av sjølvhjelpspakka vår.
Gode råd for sunn økonomi
Problem med å handtere den daglege økonomien kan kome av mange årsaker. Det kan vere fornuftig å gjere grep tidlegast mogleg for å redusere utgiftene. Du kan gjere mykje sjølv for å få betre kontroll over økonomien. Skaff deg oversikt og forsøk å løse saka sjølv.
- Opne alle brev og sorter rekningane dine
- Sjekk om krava er riktige
- Ta kontakt med dine kreditorar tidligast mogleg og informer dersom du har betalingsvanskar
- Hugs: Det er viktig å reagere raskt for å unngå at problemet veks.
Ved spørsmål ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33.
Sjølvhjelpspakke
Som arbeidsledig, permittert eller ved lengre sjukdom opplever dei fleste av oss ein nedgang i inntekta. Overgangen frå sjukepengar til arbeidsavklaringspengar eller uførepensjon vil gje ein betydeleg nedgang i inntekt, der du som hovudregel får mellom 60-70 % av di tidlegare inntekt. Mange klarar seg greit i en kortare periode, men man kan møte utfordringar dersom inntektsnedgangen vedvarer.
For mange er det vanskeleg å omstille seg fra å få løn en fast dag i månaden til å sende meldekort og motta arbeidsavklaringspengar ca. kvar 14. dag. Derfor er det greit å skaffe seg oversikt over faste utgifter og når de forfell.
Hugs! Du må alltid prioritere buutgifter og straum for å unngå å miste bustaden og at straumen vert stengt.
Eid bustad
- Søk banken om avdragsfridom i ein periode dersom inntektsnedgangen ikkje er varig
- Forleng løpetida for bustadlånet i ein periode
- Få ei ny verdivurdering/takst dersom du har grunn til å tru at verdien på bustaden er større enn det banken har lagt til grunn for berekning av rente på lånet
- Forhandle om renten – spesielt når verdien på bustaden er større enn kva banken hadde lagt til grunn når dei berekna renten du har i dag
- Kanskje kan du leie ut et rom /en del av boligen din for å få større inntekt?
Leid bustad
Kan du flytte til ein rimelegare bustad?
Dersom inntekta di vert utbetalt fleire gonger i månaden, til dømes ved arbeidsavklaringspengar kvar 14. dag, kan du kanskje avtale med husverten din at du kan dele opp og betale husleiga to gonger i månaden.
Bustønad
Sjekk om du kan søkje om bustønad - du kan få bustønad for både eide eller leide bustader. Du kan lese meir og søkje om bustønad på Husbanken si nettside.
- Gjør ei enkel skatteberekning sjølv på Skatteetaten sine sider
- Det er spesielt viktig å korrigere skattetrekket når man har ein anstrengt økonomi, men hugs at:
- Skattar du for lite, risikerer du å betale restskatt
- Skattar du for mykje, bør skatten bli korrigert slik at du får betre likviditet kvar månad
- Ved vedtak om uførepensjon kan man sende søknad om ettergjeving av eventuell skattegjeld til kemnaren
Har du fått varsel om utleggstrekk? Husk å fylle ut og returnere opplysningsskjemaet som ligg vedlagt i varselet du mottek for å sikre at trekkvurderinga blir riktig. Du kan få trekk i løn og ytingar frå ulike instansar:
- Kemnar (restskatt)
- Skatteetaten (arveavgift, meirverdiavgift)
- Namsmann/namsfogd (ordinære kreditorar)
- NAV Innkreving (bidrag, feilutbetalte ytingar, Garantikassen for fiskarar med meir)
- Statens Innkrevingssentral (bøter, erstatningskrav, saksomkostningar, diverse gebyr, studielån, NRK-lisens)
Når det vert berekna trekk i løn og ytingar skal man ha igjen nok til rimelege buutgifter og livsopphald, sjå dekningslova § 2-7. Det vil seie at trekka sannsynlegvis bør bli tilpassa dersom du opplever ein inntektsnedgang. Ta difor umiddelbart kontakt med den eller dei som har ilagt deg trekk.
- Opprett to kontoar i banken
- Rekningskonto for dine faste utgifter. Overfør eit fast beløp kvar gong du mottek løn til dekning av faste utgifter (husleige eller bustadslån, barnetilsyn, straum med meir)
- Brukskonto til dine variable utgifter (mat, klede, skotøy, transport med meir)
- Bruk nettbank. Det er rimelegare enn å benytte brevgiro eller liknande ved betaling av rekningar. Nokre nettbankar har også ulike budsjetteringsfunksjonar som kan vere nyttige.
- Dersom du har mogleghet, sett også av eit fast beløp på ein sparekonto. Da får du etter kvart ein økonomisk buffer til uventa utgifter, til dømes dersom kjøleskapet ryk eller du får behov for akutt tannbehandling.
- Ikkje bruk nye kredittkort eller forbrukslån for å kompensere for manglande inntekt!
- Tenk deg om før du drar kredittkortet. Dette er i utgangspunkt pengar du ikkje har der og da, og rentene er ofte svært høg. Spør deg sjølv: Har du pengar til å betale det du skylder når rekninga kjem?
Økonomisk tryggleik handlar om det å ha pengar, samt å vere økonomisk bevisst og føreta godt gjennomtenkte val ved disponering av pengar.
Hushaldningsutgifter
- Planlegg middagar og innkjøp for ei veke om gongen – her er det mykje å spare for dei fleste hushaldningar. Handle på rimelege butikkar, ikkje dyre storkioskar og bensinstasjonar.
- Skriv handleliste og hoald deg til ho
- Det kan vere pengar å spare på butikken sine eigne merkevarer
Mobiltelefon, internett og TV
- Du kan spare tusenlappar ved å velje riktig abonnement
- Sjekk om ditt mobilabonnement er riktig i forhold til ditt faktiske forbruk
- Vurder om du har behov for alle TV-kanalar og det mobil- og internettabonnementet du har i dag
Transport
- Reiser du ofte med buss? Du kan spare mykje på å kjøpe månadskort.
- Har din husstand mer enn ein bil? Er det behov for det?
- Treng du bil i det hele tatt? Kan du selje bilen og reise kollektivt? Da kuttar du ein del av utgiftene dine.
Straum
- Kan du redusere straumutgiftene?
- Har du eit rimeleg straumabonnement?
- 60 % av straumutgiftene går til oppvarming og bruk av elektrisk utstyr - kan du spare pengar her?
- 20-25 % går til varmt vatn – bruker du unødvendig mykje varmt vann?
Forsikring
- Du kan spare mykje ved å hente inn tilbod frå andre selskap enn det du har i dag
- Mange betaler forsikringar per fire eller seks månader. Det kan vere lurt å få rekninga delt opp i tolv månader, så slepp du store periodevise utgifter.
- Forsikring bør du ha på det du ikkje klarer å erstatte - bustad, innbo, bil, hytte, båt, reiseforsikring ved behov
- Mange av oss har fleire forsikringar som dekker det same. Sjekk om dette også gjeld deg.
- Sjekk om du har forsikringar som kjem til utbetaling ved arbeidsledigheit, sjukdom eller uføre. Sjekk både med ditt forsikringsselskap, fagforeininga og banken.
- Høge medisinutgifter på kvit resept? Søk HELFO (Helseøkonomiforvaltningen) om refusjon.
- Har du frikort? Hugs å vise frikortet hos lege, på apotek og andre stader det er relevant.
- Dei fleste av oss bruker for mykje pengar på impulshandel, og i ein trang økonomisk situasjon er det viktig å planlegge innkjøpene sine så godt som mogleg. Eit viktig verkemiddel for å få eller ha kontroll er til dømes å lage seg eit budsjett.
- Ikkje kjøp ting på avbetaling. Det kan lett kome ut av kontroll, og når du skal betale rekninga, er han plutseleg for stor.
- Du kan selje ting som du ikkje har behov for. På nokre nettsider er det gratis å annonsere.
- Kan du seie opp avtaler eller abonnement du ikkje treng? Til dømes treningsabonnement, helsekostabonnement, bokklubbar eller anna.
Publisert 06.02.2023 10.56
Sist endra 12.02.2024 13.26